Kultur | 27. des. 2019

Kommunal kommunikasjon

Den lokale lesekroken: Dei første vegane i Os, og starten og slutten på toget mellom Os og Nestun.

Kommunal kommunikasjon
Osbanen gjekk i 41 år, frå 1894 til toget i 1935 blei utkonkurrert av buss. Her er Os stasjon rundt århundreskiftet 1900. Borgafjellet i bakgrunnen.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 27. des. 2019 08:50

«Den lokale lesekroken» er utdrag frå bøker skrivne om Os, eller av osingar. Fleire bøker har kapittel og historiar som står seg fint åleine. Med samtykke frå lokale forfattarar presenterer vi nokre av desse. Éi og éi.

Teksten under er henta frå boka «Bygdehovdingen Nils Tveit» (2016) av Lars Skorpen.

Fakta om forfattaren under dagens lesekrok.

Kommunal kommunikasjon

Denne lange perioden, utetter heile mellomkrigstida, då Nils styrde ståket i bygda, står det stadig store og skilsetjande utfordringar på saklista til ordføraren. Difor kan det sjå ut som om vi distanserer oss litt frå Nils ved å følgja den markante utviklinga i bygda på denne tida, men då må vi ha klart i hugsen at det er Nils Tveit som held ordførarklubba i handa.

På denne tida, då osingar flest er i ferd med å pensjonera oljelampane sine, kjem automobilen, seinare betre kjent som berre bilen, på banen som ein konkurrent til hestekjerra, men han fann seg ikkje så godt til rette på dei smale kjerrevegane som fanst rundtom.

Den aller første i Os var den «Stavangerske hovedvei» som blei bygt frå heradsgrensa ved Røykenes til Hatvik heilt mot slutten av 1700-talet, og som også i 1797 gav oss den første køyrebrua, som vi borgabygdingar framleis dagleg køyrer over, men i stadig ny utgåve gjennom 220 år – den første fornyinga kom alt i 1833/34. På seint 1700-tal kunne ein altså sitja trygt i hestekjerra frå Osøyro til Bergen, og det ville også godseigar Formann på Lysekloster gjera. Han fekk difor leiglendingane sine til å byggja første bygdevegen vår over Langedalen til postvegen ved Søfteland rundt 1810. Så kjem den eine kjerrevegen etter den andre utetter hundreåret.

I 1886 vart til dømes bygdevegen frå Øyro til Skeie ferdig – med ein arm til Halhjem, og i 1899 kunne kjerrevegen frå Hauge til Hegglandsdalen køyrast. Men så er det at bilen for alvor startar innhentinga av hestekjerra – faktisk akkurat det året Nils Tveit vart vald inn i Os heradsstyre for første gong.

I 1916 gav nemleg kommunestyret sitt første løyve til bilkøyring på bygdevegane i Os, same året som heradsstyret gjekk inn for ombygging av vegen Os-Fana grense, som kom til å stela pengar frå kommunekassen i ein liten mannsalder framover. Det var to karar som fekk æra av å køyra på kjerrevegen, nemleg distriktslege Dr. Smitt, som budde i Fana, og bergensar og forretningsgründer Thorolf Sundt – begge eigentleg busette utafor bygda.

Dei vegane som var bygde fram til rundt 1910, var lettbygde utan pukk og med litt grus på toppen. Når no bilane vart større og tyngre – Paul Moberg starta bilrute Os-Bergen i 1920 – kom det stadig omfattande krav til vegbygging og vedlikehald. Kommunen måtte stå for dette fullt ut frå 1. januar 1928, samstundes som det vart tilsett vegvaktarar på alle bygdevegar. Dette var etter at heradet hadde opna alle bygdevegane for bilkøyring, noko som førde til at kommunen fekk ein større del av bilavgiftene, til dømes heile 6600 kroner i 1934 – i eit totalbudsjett på om lag 180 000 kroner.

Året før hadde heradsstyret innført bevillingsplikt for drosjenæringa, dei ville ha kontroll med det som føregjekk på vegane, og fleire og fleire vegar blei opprusta eller ombygde utetter 30-talet, og starten på dette var vegen frå Moberg til Grindevoll i 1931.

Vi kan ikkje snakka om samferdsel i vårt område på denne tida utan å stikka innom Nesttun-Osbanen, den smalspora jernbanestrekninga frå Osøren stasjon til Nesttun, der ein kunne korrespondera med Vossabanen vidare til Bergen.

Første avgang frå Øyro søndag den 1. juli 1894 kl 0915 med 250 menneske om bord – dei fleste på sin første spennande trilletur utan drahjelp frå hesterasen, og med fantastiske og maksimalt tillatne toppfart på 25 km/t.

Banen førte til at bygdefolket i fleire år fekk eit fort og fast forhold til Bergen by, og dette hadde ikkje minst Nils Tveit glede og nytte av så ofte som han ferdast, og som han seier i føreordet til Os soga den 16. november 1932: « – – Ein stor part av innhaldet er sett i hop på uteferder, i ei jernbanevogn eller på ei kjerre skranglande etter vegen millom Hegglandsdalen og Osøyri. Serleg hev ferdene med Osbanen vore framifrå til arbeidet, med di Ostoget altid gjekk so høveleg seint og stogga so lenge på stasjonane – – .»

Men Osbanen fekk etter kvart ein farleg konkurrent i seg sjølv. For å ta kontroll over den veksande rutebiltrafikken, søkte banen om konsesjon til å driva også slik trafikk, noko som vart innvilga i 1927. Frå då av brukte banen bilruteoverskotet til å dekkja det stadig aukande baneunderskotet. Men dette var ei utvikling som ikkje let seg stansa. Frå 200 000 årleg reisande under 1. verdskrigen sokk passasjertalet til om lag ein seksdel ein halv mannsalder seinare, og godsmengda vart på det næraste halvert i løpet av 1920-åra.

Det gjekk berre ein veg, og Nils Tveit følte nok at han kom i konflikt med seg sjølv i desse spesielt vanskelege driftsåra for Osbanen frå midten av 1920-åra og utetter mot den endelege avviklinga. Det hadde seg nemleg slik at Osbanen hadde ein såkalla direksjon som styrde drifta, og der sat Nils som medlem desse tunge åra frå 1927 til 1935 – då dei økonomiske tilhøva elles i kongeriket, og verda rundt for den del, var på botnnivå.

Endå meir slitsamt må det sjølvsagt ha vore då han også fungerte som formann for direksjonen dei siste osbaneåra 1931-1935. Han møtte stadig på seg sjølv i døra, som ordførar frå den eine sida og direksjonsformann frå den andre. Han var med på å redusera underskotet med ordførarhanda og tok frå 1931 i mot med direksjonshanda. Samstundes som bygdefolk flest – og ikkje minst dei mange driftige osingar som dreiv trevarefabrikkar med leveransar til Austlandet – håpa på at den behagelege togturen skulle kunna vara inn i framtida. Men det var nok den raske rutebilen som sigra til slutt.

Den 21. februar 1935 vart det halde ekstraordinær generalforsamling i A/S Nesttun–Osbanen, der dei bestemte at no skulle Osbanen inn i historiebøkene, og søndag den 1. september 1935 tøffa siste toget ut frå Nesttun stasjon klokka 1820. Dermed var det «snipp-snapp-snute» for det 41-årige togeventyret. Men Nils Tveit hadde lenge sett at bussen var blitt beste og raskaste transport til Bergen – og heilt utan eit irriterande konsentrasjonsavbrot på Nesttun stasjon, springande frå Osbanen til Bergensbanen. Difor gjekk han med glede frå jobben som direksjonsformann til formann for A/S Bilruta Os–Bergen i 1935. Fungerande 14 år framover i eit forsøk på å få formålstenleg fart og funksjon på bussane, som han fekk eit nært forhold til.

(Den neste halvdelen av kapittelet handlar om blant anna telefon og skjerming av Os hamn ...)

LARS SKORPEN

• Fødd 16. mars 1945. Pensjonist frå 2011 etter mange år som ungdomsskulelærar ved Nore Neset skule.
• Mangeårig seglflyinstruktør i Os Aero Klubb.
• Dirigerte Kuventræ skulekorps frå starten i 1980 og fleire år utetter 80-talet.
• Var medforfattar for første gong då han i 1985 sto for nynorsken i ei lita bok (Den svarte fredagen) om eit luftslag mellom allierte og tyske fly over Førdefjorden. Seinare har det blitt mange artiklar i bladet Osingen, der han sat i redaksjonsnemnda i ti år, og deltaking i fleire hefte, ved sidan av bøkene han har skrive eller vore involvert i.

Bibliografi (eigne):
Ein flygeidé - OAK 50 år (1996)
Skeie i skulesoga (2003)
Rosemålarane - ei slektskrønike (2006)
Bushpilot (flygaren Arne Mæland) (2009)
Musikar og medmenneske - Henrik Lyssand 100 år (2012)
Bygdehovdingen Nils Tveit (2016)
Glimt frå Osbygda 1930-1960 (2019)

Bibliografi (deltatt i):
Den svarte fredagen (1985)
Os Turnforening 100 år (2005)
Arne Mæland - Livet, leiken og draumen (2009)
Kafé Club Intim (2012)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.