Kommunebarometeret: 2. plass til Fusa, 1. plass til Os

Kommunane Fusa og Os gav seg på topp før samanslåing.

Fotland og Sperrevik sa ja då medlemmane i PBU ba om å få applaudera resultata frå 2019. (Foto: Bjørnafjorden kommune-TV)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 14. mai 2020 11:27

I dag møtte kommunedirektør Christian F. Fotland i plan- og bygningsutvalet.

Øvste sjef tok for seg den faste posten med å orientera dei ni politikarane i utvalet om siste nytt frå administrasjonen, og kommunedirektøren hausta applaus.

Hovudårsaka til applausen var at han starta innlegget med svært godt og rykande ferskt nytt.

– Det er nesten berre økonomidirektøren og eg som veit dette, men vi har fått resultat frå Kommunebarometeret frå 2019, sa Fotland.

– Fusa ligg på 2. plass i fylket og på 10. plass på landsbasis. Det er heilt fantastisk!

– Os ligg på 1. plass i fylket og på 6. plass på landsbasis, la han til.

Då kom det spørsmål frå salen om det var lov å klappa.

Eit godt utgangspunkt for Bjørnafjorden kommune

– Slår vi saman 1. og 2. plass får vi ein samanlagt 1. plass. Dette bør vera eit godt utgangspunkt for Bjørnafjorden kommune, sjølv om vi har mykje å ta tak i etter samanslåinga.

Kommunebarometeret tar for seg både økonomi og kvalitet på tenester, frå pleie og omsorg til barnevern og grunnskule.

– Eg vil presisera at dette er ein foreløpig rapport. Det blir tatt nokre justeringar utover våren, men det plar ikkje endra mykje på plassering.

«Tittelforsvarar»

Os tok 6. plass på landsbasis i fjor òg. Også Fusa hadde 10. plass våren 2019.

Då kalla Asle Olsen (SV) i lesarinnlegg heile Kommunebarometeret for ein vits.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Knappe 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.