Debatt | elleve timar sidan

Kommunen bør møta oss med dialog – ikkje avstand

DEBATT: Dette handlar ikkje berre om eitt prosjekt eller éi enkelt byggesak.

Kommunen bør møta oss med dialog – ikkje avstand
Sven Sveindal Lyssand har sendt inn dette lesarinnlegget på vegner av seg sjølv og fleire av naboane. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Lesarinnlegg
Lesarinnleggfredag 05. juni 2026 08:26

Debatten kring byggesak på Steinneset gnr. 63 bnr. 70 og 113 har skapt stort engasjement blant innbyggjarane i området.

Etter omtalen i Os og Fusaposten, der ordførar Terje Søviknes avviser fleire av påstandane frå motstandarane av hotelltomta, er det etter vårt syn endå tydelegare at det er behov for eit ope folkemøte så snart som mogleg.

Dette handlar ikkje berre om eitt prosjekt eller éi enkelt byggesak. Mange osingar og innbyggjarar i Bjørnafjorden opplever ei aukande uro knytt til omfanget av utbygging som er under planlegging, under behandling eller allereie i gang.

Når så mange prosjekt kjem samstundes, er det naturleg at folk ønskjer meir informasjon, større openheit og reell dialog med både politikarar og administrasjon.

Eit sentralt tema er spørsmålet om stadstilpassing.

I fleire fråsegner og plandokument frå kommunen blir det understreka at ny utbygging skal tilpassast eksisterande omgjevnader, landskap og lokalmiljø. Samstundes er det kjent at områdeplanen som ligg til grunn for delar av utviklinga, ikkje var ein plan alle politiske parti var fornøgde med.

Etter vår dialog med dei enkelte partia, opplevde vi at planen vart pressa gjennom for å få prosessen ferdigstilt. Nettopp derfor er det ekstra viktig at ein no tek seg tid til å lytte til innbyggjarane sine bekymringar når detaljane i utbygginga skal fastsetjast.

For oss som er naboar, handlar mykje av uroa om manglande føreseielegheit.

Når utbyggjar gjennom detaljregulering får stor påverknad på endelege byggehøgder og volum, blir det vanskeleg for naboar å vite korleis nærmiljøet faktisk vil sjå ut i framtida. Konsekvensane for utsikt, solforhold, privatliv, trivsel og bumiljø kan bli store, utan at dei som blir mest påverka opplever å ha tilstrekkeleg innverknad.

Denne uvissa skaper ei belastning som ikkje må undervurderast.

Mange naboar lever over lang tid med spørsmål dei ikkje får klare svar på. For enkelte fører dette til vedvarande bekymringar som påverkar kvardagen, og nokre opplever til og med søvnproblem fordi dei ikkje veit kva som ventar rundt neste sving i planprosessen.

Ingen er tente med eit aukande skilje mellom innbyggjarar, utbyggjarar og kommune.

Tvert imot treng vi meir openheit, meir informasjon og betre dialog. Eit folkemøte vil vere ein naturleg arena der innbyggjarar kan få svar på spørsmål, politikarar kan forklare vurderingane sine, og utbyggjarar kan presentere planane sine på ein måte som skaper større forståing.

Difor oppmodar vi kommunen til å ta initiativ til eit ope folkemøte om utviklinga på utbyggingsprosjekt i og ved Osøyro, der Steinneset kan visast som eit døme.

Innbyggjarane fortener å bli høyrde, og kommunen har alt å vinne på å møte engasjementet med dialog framfor avstand.

Det er på tide å samle folk rundt same bord, og det snarleg.

Helsing naboar til Steinneset-utbygginga

For meir informasjon og teikningar sjå facebooksida Steinneset Boliger

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?