Kultur | 23. juni 2012

Kommunen kjøper trekanten til Bjørn

Det kjem ingen bygg mellom Oseana og Os Sjøfront.

Kommunen kjøper trekanten til Bjørn
Bygget som er teikna inn til venstre blir ikkje bygd. (Ill. Storbergen BoligByggelag)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 23. juni 2012 21:21

Då teikningane for Oseana og Os Sjøfront blei lagt fram var det skissa inn ein liten bygning mellom kulturhuset og H-blokka til StorBergen Boligbyggelag.

Les òg: Kva er dette?

Tomta er eigd av Bjørn Moberg, ein av dei seks grunneigarane som selte til Os Sjøfront og Os kommune.

Men no har kommunen kjøpt også denne tomta.

– Vi vil sikra dette området som friareal, sa ordførar Terje Søviknes då han ønskte velkomen til St Hans-feiring i Mobergsvikjo i dag.

Utsikt og konkurranse

Årsakene til at kommunen vil kjøpa den vesle, trekanta tomta mellom Osean og Os Sjøfront er fleire.

– Ein eventuell bygning på denne tomta kan koma til å skjerma for mykje av den fine utsikta mot fjorden og Folgefonna. Hadde det kome ein restuarant i dette nabolaget ville den kanskje gjort det vanskeleg for Færingen i Oseana. Det ville vore synd om vi fekk to som konkurrerte kvarandre ut på Mobergsneset, at ingen av dei klarte å driva, seier Søviknes.

StorBergen spyttar i

Også StorBergen Boligbyggelag, som sel husvære i Os Sjøfront, har nytte av at det ikkje kjem bygg framfor blokka nærmast Oseana.

– Det har vore noko uvisse frå potensielle kjøparar knytt til denne tomta, om det ville koma restuarant og kanskje støy, i tillegg til tap av utsikt.

Derfor har StorBergen Boligbyggelag sponsa kjøpet med tilskot som tilsvarar halve kjøpesummen.

Av dei 46 husværa som er klare for overtaking og innflytting i august i år er det berre 7 som ikkje er selt. 5 av desse er i H-blokka, bygningen nærmast Oseana.

Oseana blir eigar

– Oseana KF bruker fondsmidlar frå Grieg Foundation og støtte frå Os Sjøfront til å kjøpa tomta. Oseana KF og Os kommune kjem til å stå som eigar.

– Vi er samd med eigar Bjørn Moberg om kjøpesum og om vilkår om at tomta blir brukt som friareal.

Os kommune vil no engasjera arkitekt til å forma eit fint areal på den cirka 1/2 mål store tomta som ligg på delar av dagens parkeringsplass ved starten på moloen og bort til kaien til sjøfronten.

Søviknes vil førebels ikkje ut med kjøpesum. Kjøpet har ikkje vore oppe politisk.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.