Fotball | ti timar sidan

Kommunen løyver pengar til VM-arrangement

Søviknes oppretta hastesak for formannskapet. Deler ut 100.000, i tillegg er det sett av 75.000 som kan søkast om.

Kommunen løyver pengar til VM-arrangement
Terje Søviknes er sjølverklært sportsidtiot, her med to ulike skjerf under derby mellom Lysekloster og Os i 2013. No er han glad kommunen kan støtta VM-vising rundtom i bygda. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 09. juli 2026 10:03

Bjørnafjorden kommune gir støtte til fleire VM-arrangement, opplyser ordførar Terje Søviknes i ei pressemelding i dag.

Etter at Norge gjekk vidare til kvartfinale i fotball-VM har det vore jobba med fleire fellesarrangement i Bjørnafjorden kommune knytt til visning av Norge-England laurdag 11. juli (avspark kl 23).

– Tidleg i veka vurderte vi også arrangement i kommunal regi, for eksempel i Oseana kunst- og kultursenter, seier Søviknes, som kalla seg sjølv for sportsidiot.

– Etter dialog med frivillige lag og organisasjonar konkluderte vi imidlertid med ein modell der Os Turn Fotball tar ansvar for eit kommersielt arrangement i Vognhallen på Osøyro, medan fleire frivillige lag legg til rette for gratis familiearrangement i krinsane.

Lisenskostnaden for kommersielle arrangement er svært høg, og eit spleiselag har vore naudsynt for å dekkja opp kostnaden.

Også gratisarrangement i regi frivillige lag har kostnader knytt til rigging, storskjerm, teknisk støtte, reinhald og anna.

Ordførar Terje Søviknes har difor, etter rådslag med formannskapet, i dag fatta slikt vedtak (i medhald av §4.6 Vedtaksmynde i hastesaker i Saksbehandlingsreglar for folkevalde i Bjørnafjorden kommune 2023-2027, jf. Kommunelova §11-8;)

1. Bjørnafjorden kommune løyver kr 100.000 i tilskot til Os Turn Fotball sitt VM-arrangement Norge-England i Vognhallen 11. juli.

2. Bjørnafjorden kommune løyver kr 75.000 til ein søkbar pott for frivillige lag og organisasjonar som legg til rette for gratis familiearrangement knytt til Norge sine kampar i fotball-VM.

3. Samla løyving kr 175.000 vert finansiert frå Formannskapets disposisjonsfond.

4. Vedtaket vert å referera i Bjørnafjorden formannskap sitt første møte.

Frivillige lag og organisasjonar som har arrangert, eller planlegg å arrangera, gratis lågterskelarrangement med visning av Norge sin kampar i VM kan søkja om tilskot ved å senda ein enkel søknad til Bjørnafjorden kommune ved ordførar på epost.

Søknaden må innhalda kortfatta informasjon om arrangør, stad for arrangement, kor mange deltakarar ein har hatt eller forventar, samt kontonummer for utbetaling.

– Eg vil retta ein stor takk til alle frivillige lag og organisasjonar som bidrar til denne folkefesten i kommunen vår, seier ordførar Terje Søviknes.

Han håpar at fleire vil søkja om tilskot til arrangementa sine.

– Dåke e’ gode, og Norge e’ gode! Då er det berre å kryssa det vi har, ta del i folkefesten og heia alt vi kan på Norge kommande laurdag. RO! RO! RO! avsluttar ein optimistisk Søviknes.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?