Næringsliv | 02. okt. 2012

Kommunen vil kjøpa hotelltomta

Her er namnet på selskapa som vil bygga og driva hotell i Os - og resultatet av det lukka møtet i formannskapet måndag.

Kommunen vil kjøpa hotelltomta
Her, rett nord for Oseana, ligg den drygt 3 mål store tomta som kommunen vil ha hotell på. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 02. okt. 2012 21:31

Det lukka ekstramøtet i Os formannskap enda med fullmakt til å forhandla om kjøp av Os Sjøfront si potensielle hotelltomt. Kommunen går også ut med namn på dei som vil bygga og driva hotell.

Måndag ettermiddag blei det halde eit lukka ekstramøte i Os formannskap som handla om tomta nærmast Oseana og mogleg nytt hotell i Os.

Les òg: Held ekstramøte om hotell

Tema for møtet var om Os kommune skulle ta ei meir aktiv rolle i prosessen med sal av tomta frå Os Sjøfront til aktørar som vil bygga og driva hotell ved Oseana.

– Administrasjonen sitt framlegg blei vedtatt med rimeleg klart fleirtal, seier Terje Søviknes.

Administrasjonen sitt framlegg til vedtak:
"Ordførar og rådmann får fullmakt til gå i forhandlingar med Os Sjøfront AS om kjøp av tomt til hotellføremål på Mobergsneset. Forhandlingane skal også gjelda sluttoppgjer for felles utbygging av infrastruktur i området. Kommuneadvokaten kan nyttast som juridisk kompetanse i høve forhandling og/eller utkast til avtale. Eventuelt forhandlingsresultat vert å leggja fram for Os formannskap og Os kommunestyre til endeleg handsaming".

Anders Hjelle (TvS), som stilte som vara for Eirik Neverdal, fremja eit alternativt forslag, som gjekk ut på at Os kommune ikkje forhandlar om kjøp av tomta. Forslaget fekk berre Hjelle si stemme.

OBOS og Bergen Hotell Gruppen viser interesse

Tidleg i semptember fortalte Søviknes om tett dialog med to aktørar som viser stor interesse for å bygga og driva eit nytt hotell i Os.

Dei to aktørane er OBOS og Bergen Hotell Gruppen.

– Begge stilte i møtet. OBOS var representert ved Dag Aksnes, som potensiell utbyggar og hovudeigar, Bergen Hotell Gruppen var representert ved Erling Falch Monsen og administrerande direktør Asle Prestegård, fortel ordføraren.

OBOS byggjer i dag hotell ved Bystasjonen i Bergen (Ørnen), og dei har eigarinteresser i selskap med lang erfaring frå bygging av hotell.

Bergen Hotell Gruppen driv i dag Scandic Bergen City/Bergen Kongressenter, Hotell Neptun og Hotell Strand.

– Kvifor skal det innom kommunen?

Årsaka til at Os kommune engasjerer seg i saka er delt. Eit hotell som nærmaste nabo til Oseana vil trygga drifta av kunst- og kulturhuset, ikkje minst når det kjem til konferansar.

– I tillegg er dette eit positivt ledd i tettstadutviklinga av Os, regionssenteret i Midthordland, meiner Søviknes.

– Men kvifor skal tomta innom Os kommune før dei to aktørane eventuelt kjøper og bygger?

– Vi fekk ein frist av Os Sjøfront til 19. september. OBOS og Bergen Hotell Gruppen blei ikkje ferdig med å rekna på saka i løpet av nokre hektiske sommarmånadar, så om ikkje denne sjansen skulle gå frå oss måtte vi ta grep no.

– Har mellomlandinga i kommunen med regulering å gjera, at dei to selskapa er usikre på om tomta vil bli omregulert frå bustad til deira type drift?

– Nei. I så fall kunne dei kjøpt med atterhald om at tomta blei regulert til deira føremål. Det er tida som er viktig, Os Sjøfront trengte ei avklaring.

Forhandlingar og avgjerd

Avklaring får Os Sjøfront uansett ikkje med det første.

– Men det skal skje så fort som mogleg. Vi har sett opp ein serie med datoar i oktober for forhandlingsmøter, målet er å fremja sak om kjøp for formannskapet i november og i kommunestyret i desember.

– Har de nokon form for garanti frå OBOS og Bergen Hotell Gruppen?

– Nei, det har vi ikkje. Dei viser seriøs interesse, men det kan også koma andre på banen.

– Blir det kjørt eit parallelt løp, at de forhandlar om kjøp og sal samtidig, og så kan legga fram sak for formannskapet om begge delar?

– I teorien kunne det nok gått, men det trur eg ikkje er realistisk, seier Søviknes.

Den aktuelle tomta er på i overkant av 3 mål.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for kun 5 kr i 5 veker

Vi set stor pris på at du vel å abonnera på Midtsiden, det hjelper oss på veg til å kunna dekka endå meir av alt som skjer i Os!

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Moglegheit for fleire brukarar
Les meir og bestill

Etter kampanjen blir abonnementet fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.