Sport | 07. feb. 2015

Kommunikasjon-sjefen

Han haustar ei spesifikk form for ros, Ørjan Håland, Hassan El Fakiri si høgrehand på Kuventræ.

Ørjan Håland for ros av både sportssjef og spelarar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 07. feb. 2015 08:30

Bildeserie:

Opprykkskampen mot Hovding i 2006. Håland er også god i kroppsspråk. (Foto: KVB)
Trenarteamet, Håland, El Fakiri, Bahus og Brenne. (Foto: KVB)
Opprykkskampen mot Hovding i 2006. Håland er også god i kroppsspråk. (Foto: KVB)
Trenarteamet, Håland, El Fakiri, Bahus og Brenne. (Foto: KVB)
1 av 2
Trenarteamet, Håland, El Fakiri, Bahus og Brenne. (Foto: KVB)
Opprykkskampen mot Hovding i 2006. Håland er også god i kroppsspråk. (Foto: KVB)

Tysdag 4. november blei det klart at Hassan El Fakiri er Os sin nye hovudtrenar. Alle detaljar i kontrakten til assistenttrenaren er ikkje klare, men Ørjan Håland har frå første stund vore i drift saman med El Fakiri og Os Fotball finn no tida som moden nok til å stadfesta engasjementet.

– Ørjan er utruleg fotballfagleg dyktig, men den største styrken hans er nok måten han snakkar med spelarane på, både i grupper og, ikkje minst, ein til ein, seier sportssjef Lars Bakkerud.

– Han er ein av dei betre eg har sett og han kan nå langt som trenar. Han er ikkje så gamal, men han har eit godt blikk både for det sportslege og menneskelege, det er noko som imponerer meg med både Ørjan og Endre (Brenne). Vi er rett og slett heldige som har fått oss desse gode unge kreftene i trenarteamet.

– Godt likt i mange år

Håland, som er fødd i 1982, var ein sentral spelar då Os i 2006 rykte opp til 2. divisjon. Etter nokre år med mindre trening og nokre sesongar i lågare divisjon var han for to-tre år sidan tilbake på Kuventræ som spelande trenar for Os 2. Han har også trent juniorlaget til Os.

– Eg har både spelt med Ørjan og blitt trent av han. Han har ein måte å snakka på som skaper entusiasme, Ørjan har vore godt likt i mange år, seier A-lagskeeper Frode Moberg Øvredal.

– Hassan er også ein veldig fin fyr og det er tydeleg at dei kjenner kvarandre godt og at det er ein god kjemi i heile trenarteamet. Vi er veldig nøgd om dagen, seier Øvredal på vegne av seg sjølv og lagkameratane.

På bølgelengde i Brann

I fleire år som filmfotograf og mediemann i SK Brann har Håland vore tett på fleire Tippeligatrenarar og spelarutviklarar. For to år sidan starta han på trenarkurs sjølv, i fjor gjekk han på eit talenttrenarkurs på fritida gjennom heile året.

I Brann blei han kjent med både Bakkerud og El Fakiri, og Håland skal ha vore ein viktig samtalepartnar då både sportsjefen og den nye hovudtrenaren blei henta til Os Fotball.

– Det stemmer. Vi tre tenkjer mykje likt og har hatt mange gode samtalar før vi no blei samla på Kuventræ. Ørjan har vore ei viktig brikke for klubben også mens han ikkje hadde ei formell rolle, ikkje minst då eg og seinare Hassan blei engasjert, stadfestar Bakkerud.

– Ei undervurdert oppgåve

Sjølv er ikkje Håland så opptatt av å ta imot ros, men når vi spør om temaet kommunikasjon ser vi tydeleg at entusiasmen boblar.

– Vi er ikkje utlærd nokon av oss, men om vi har fokus på både å vera tydeleg og på å gje konkrete tilbakemeldingar. Det er viktig å vera opptatt av dette kontinuerleg gjennom sesongen.

– Eg har inntrykk av at dette er ei undervurdert oppgåve på fleire nivå, trenarar kan lett gløyma at det er 11 indiviualistar på banen når vi speler kamp. Det er også lett å tru at alle veit, at alle forstår kva du meiner og kva du synest. Men det er ikkje alltid sånn, verken i ein tropp eller i ei bedrift.

– Om vi er flinke til å ærlege og konstruktive tilbakemeldingar ein til ein med dei som speler,så er sjansen større for at dei fungerer saman som eit lag på og at dei speler slik vi vil.

Utanom dei 11 på banen sit det spelarar på benken og utanfor troppen, som kanskje ikkje veit kvifor dei ikkje speler, om dei er nær startellevaren eller ikkje, og kva konkret som er venta av dei.

– Om vi følgjer tett opp dei som speler mindre, så gjer vi ein like viktig jobb. Som spelar er det godt å veta kva som er venta av deg og kva du bør bli betre på, og demotiverande om det er motsett, at du ikkje veit. Det er jobben vår å vera tydeleg, seier den ganske nybakte assistenttrenaren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.