Kompiskamp i Oslo Maraton

Barndomskameratane John-Christian Scheie og Thomas Myrvoll Ølness står laurdag på startstreken i Oslo Maraton.

John-Christian Scheie (innfelt) og Thomas Myrvoll Ølness stillar på startstreken i Oslo Maraton i helga (private foto)
Andris Hamretorsdag 19. sep. 2013 09:40

– Thomas pressa meg til å ta opp att treninga, fortel Scheie.

Dei to søftelendingane John-Christian Scheie og Thomas Myrvoll Ølness var arge konkurrentar på kappgangbana i ungdommen, noko som resulterte i både noregsmeisterskap og gode resultat.

– Vi trente begge mye den gongen og var del av eit stort kappgangmiljø på Søfteland, men skadar gjorde at vi begge gav oss i 18-årsalderen, fortel John-Christian Scheie.

Kappgangskoa blei lagt på hylla og dei to starta på ei ny karriere innan arbeidslivet.

– Thomas blei lærar innan idrett i Sogndal og har helde seg i god form heile vegen.

– Då er det verre med meg som flytta til Stavanger og gjekk teknisk fagskule innan brønnteknikk. 5 år i nordsjøen har gjort at det ikkje har blitt mykje trening på meg, smilar John-Christian, litt unnskyldane.

Blei utfordrande

Dei to kompisane har heile vegen helde kontakten og hausten 2012 utfordra Thomas John-Christian til å komma seg i form igjen gjennom å delta i vinterkarusellen på Fana stadion.

– Eg tok utfordringa, og det hjalp på formen.

– No er vi begge i god form. Thomas er i kjempeslag og fekk ei god plassering i førre helgs Langedalen Opp.

Halv og heil

I Oslo maraton skal dei to ikkje konkurrera direkte med kvarandre.

– Thomas har løpet eindel halvmaraton, mellomanna i Bergen City Marathon og stiller på den distansa i Oslo.

– Sjølv har eg aldri gjort det før, men skal no freista å gjennomføra dei 42 maraton-kilometrane i Oslo sine gater.

– Målsettinga for Thomas er å koma i mål rundt 1 time og 20 minutt på dei 21 kilometrane, sjølv går eg for ei tid rett under 3 timer og 30 minutt på den lange distansa.

– Sjølv om eg aldri har gjort det før gler eg meg, avsluttar John-Christian.

Oslo Maraton er eit av dei største idrettsarrangementa i hovudstaden med over 20 000 påmelde i dei ulike klassane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.