Kultur | 16. jan. 2012

Konge i 3D

Løvenes Konge går i 3D på bygdekinoen. - Talet på billettar er derfor redusert, så kjøp billett på førehand, oppmodar Janne Mari Hjelle.

Konge i 3D
Nala og Simba møter du i Løvenes konge søndag (Copyright: Disney Enterprises Inc)
Andris Hamremåndag 16. jan. 2012 12:40

Søndag er det igjen duka for bygdekino i Oseana.

- Som med visninga av "Jul i Blåfjell" i desember er barnefilmen denne gongen i 3D, fortel kulturhusvert Janne Mari Hjelle.

Filmen dei no viser er den nye 3D-versjonen av klassikaren "Løvenes Konge". Bygdekinoen har eigne 3D-briller til utlån, men berre eit avgrensa antal.

- Vi har 240 briller og plassar til denne framsyninga. Det skuldast både at vi ikkje har fleire briller, men òg at ein ikkje kan sitja kvar som helst i salen under ei 3D-framsyning.

Ekstra framsyning om utseld

Billettsalet til filmen startar tysdag i resepsjonen i Oseana.

- Dersom pågongen av billettar blir veldig stor i starten av veka og vi blir fort utselde, vil vi mest sannsynleg sette opp ei visning til, men dette gjer vi ikkje før den fyrste framsyninga er heilt utseld, understrekar Hjelle.

Løvenes konge er eit av Disney sine største mesterverk gjennom tidene, og ein av dei aller mest populære filmane. Filmen har 7 års aldersgrense.

Les meir om filmen her

Varg Veum med lokal hjelp

Vaksenfilmen søndag er siste skotet på Varg Veum-stamma; "De døde har det godt".

Varg Veum blir vitne til at ei ung asylsøkjerjente døyr framfor auga hans. Var det ei ulukke, eller blei ho drepen av nokon for å sende ei åtvaring til andre jenter i miljøet?

Lokale Varde Media og Os buss har bidrege på fleire av Varg Veum-filmane.

- I denne stilte vi mellomanna med ATV og sjåfør slik at dei fekk filma nokre scener i skogen, fortel Vegard Strønen.

Løvenes konge startar klokka 16.00, medan Varg Veum kjem på lerretet klokka 19.00.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.