Kultur | 08. mai 2013

Kongeoppdrag for KingCalling

Kings of Leon har selt over 28 millionar album. I august skal Eirik Søfteland og resten av KingCalling spela på same scene på Brann Stadion.

Kongeoppdrag for KingCalling
KingCalling under innspelinga av ny musikkvideo i "Lidl-lageret" i Os i vinter. (Foto: KVB/Andris Hamre)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 08. mai 2013 13:32

Fredag 9. august speler Kings of Leon på Brann Stadion.

Kings of Leon, som er frå Nashville i USA, har sidan debuten i 2003 vunne Grammy, selt over 28 millionar album og blitt kjent over heile verda for låtar som «Sex on Fire» og «Use somebody».

Arrangør av eindags-rockefestivalen, Alf Warloe Christophersen i arrangør-selskapet Rock in Bergen, har no booka KingCalling frå Os, med Idol-Eirik som frontfigur, som eit av oppvarmingsbanda.

– KingCalling har deltatt på ein bandkonkurranse vi har arrangert, men denne bookinga er utanom konkurransen, Alf Warloe Christophersen.

– Vi har blitt ekstra godt kjent med Eirik via Idol, han er faktisk einaste grunnen til at eg finn det verdt å sjå på Idol, seier Christophersen til Midtsiden.

Ikkje million-lønn

Kurt Nilsen gjorde noko liknande etter at han vann Idol, då han fekk 1 million kroner, sponsa av Idar Vollvik, for å varma opp for Bryan Adams.

– Vi prøver å bygga opp ein ny festival og eg kan forsikra deg om at vi ikkje bruker pengar på same måte som Vollvik.

– Men vi er veldig glade for at vi får Eirik og resten av KingCalling, eit band vi har godt inntrykk av, til å delta på festivalen saman med Kings of Leon, seier Alf.

– Eirik kan nå veldig langt med det han held på med, legg han til.

KingCalling består av: Eirik Søfteland (vokal), Espen Austestad (gitar), Morten Torkildesen (gitar), Leif Herland (bass) og Kjetil Osablod Grønvigh (trommer).

Les òg: Kings of Leon til Bergen (BT.no)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.