I natt køyrde nokre av gutane nedover, fredag formiddag sto desse to bilane klare på Halhjem. (Foto: KVB)

Kongeparken next!

Dette seier russen om feiringa så langt - på veg til høgdepunktet i Stavanger.

image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Torsdag i førre veke starta årets russefeiring, i dag går turen til Landstreff Stavanger i Kongeparken.

– Nokre av gutane reiste ned i natt, nokre andre bilar køyrer seinare i dag, seier russepresident på Os vgs Elise Aspenes.

Ho og venninnene på to bilar var på plass på Halhjem ferjekai før klokka 10.30 i dag.

– Eg har inntrykk av at så og seia all russen frå Os skal nedover til Stavanger, med unntak av fotball-gutta på A-laget til Os.

Samhald blant Osrussen

Aspenes synest russefeiringa har gått veldig fint til no.

– Vi har hatt det kjempekjekt frå første dag! Det har blitt nokre turar til by'n, men vi har for det meste halde oss her i Sigurdvikjo i Os. Det har vore så fint å samla heile kullet igjen, elevar frå ulike skular, det er eit fantastisk samhald i gjengen.

– Vi har òg samarbeidd godt og fått ros for at vi alltid har rydda grundig etter oss ved Ulvenvatnet om kveldane.

Ho synest dåpen og natt til 1. mai har vore det kjekkaste til no.

Høglytt - men snill

– Natt til 1. mai, i 00.45-tida, kom det òg klage på høg musikk. Er det meir lyd i russen i år?

– Det er nokre gutar som har investert i eit ekstra bra anlegg. Det er vi mange som har glede av, og det har vore med på å gjera at vi for det meste har halde oss her i Os.

– Men gutane har vore greie og dempa seg om dei har fått beskjed om det. Vi har eit veldig godt forhold til politiet, og synest berre det er fint når dei svingar nedom Sigurdvikjo.

– Same natt kom det òg inn ei bekymringsmelding om mogleg bruk av narkotika blant enkelte russ, er det noko presidenten har høyrd noko om?

– Nei, det høyres veldig rart ut! Eg vil tru at det anten er nokon som har tulle-ringt til politiet, eller at dei har snakka om nokon som ikkje er russ. Det har vore mykje festing den siste veka, men eg kjenner ikkje til noko anna enn alkoholinntak.

Festival med stjernespekka program

Sjølv skal presidenten (naturlegvis) bu på hotell. Andre har plan om å bu i leigde hus, podtel eller i bilane.

I Kongeparken kan russen kosa seg med DJ-battle, ulike kåringar og eit omfattande konsertprogram.

På plakaten står namn som Wiz Khalifa, Karpe, Martin Garrix, Sigrid, Lost Frequences og Kamelen.

• Talkshow med russen: Før feiringa starta hadde vi presidentane Aspenes og Skeie i SakkoSekkStudio. Her kan du sjå intervju, «finte-quiz» og quiz.

Fleire saker