Lokal | 14. juni 2013

Kongshaug er berga!

Video: Ein mørk skugge har lagt over Kongshaug heile det siste skuleåret etter at regjeringa kutta i støtta. Fredag kom sola tilbake over Lepsøy, då dei fekk 1,65 mill i støtte.

Andris Hamrefredag 14. juni 2013 10:26

Haustferien starta på verst tenkeleg måte for rektor Oddvar Rotheim då han fekk melding om at den særskilte støtta til Kongshaug Musikkgymnas var kutta frå statsbudsjettet. Etter mykje fram og tilbake fekk gymnaset støtte for å driva fram til sommaren 2013, men uvissa har lagt som ein mørk skugge over skulen heile det siste skuleåret.

Fredag kom gladnyheten om at skulen var berga, ikkje berre i 2013, men og i overskueleg framtid.

– Dette er ein gledens dag. No kan vi gå sommarferien blidt i møte, stråla rektor i kapp med sola som braut gjennom det regntunge skylaget på Lepsøy.

Regjeringspartia på banen

Regjeringa hadde ikkje i revidert nasjonalbudsjett funne plass til Kongshaug musikkgymnas, men stortingsrepresentantane frå dei tre partia (Ap, Sv og SP) var ikkje nøgd med eigen regjering og fann likevel rom for å gje 1,65 millionar i kroner til musikkgymnaset.

– Dette er med halvårsverknad slik at skulen er berga resten av 2013, fortel stortingsrepresentant og medlem i finanskomiteen Dag Ole Teigen (Ap).

– Men det er òg eit veldig sterkt signal på at dei også vil få midlar i dei kommande åra, supplerar Gina Barstad (SV) som saman med Teigen og Ingrid Netland (Sp) hadde tatt turen til Kongshaug for å overbringa den gode nyheten.

– Rektor, lærarane, og ikkje minst elevane, kan leggje til grunn at skulen no er sikra for framtida.

Takka med konsert

Rektor hadde samla nesten samtlege av dei 90 elevane i musikkrommet for å dela den gode nyhenda.

– Eg har bløffa de litt. Eg sa at det skulle koma folk frå fylkestinget som gav oss 500.000 kroner, men desse er ikkje frå fylket, dei representerer dei raudgrøne partia på stortinget og har gjeve skulen pengane som blei tatt fra oss tilbake, forklarte rektor til jublane elever i musikkrommet.

Litt planlagt var det, men elevane takka med ein spontan konsert for å visa dei tre partia kva dei no hadde vore med på å berga.

– Gratulerar med dagen. De er våre beste ambassadørar og eit viktig tilskot til kulturlivet i Osbygda, helsa den einaste lokalpolitikaren Ingrid Netland, som saman med dei to andre lot seg imponera over elevane sin "impulskonsert". (sjå klipp i videoen nedanfor).

– Står respekt av

Oddvar Rotnes sitt smil gjekk nesten rundt over dei gode nyhenda.

– No har vi fått tilbake det vi mista. Det er ei stor glede, no treng ikkje elevane vera usikre på om det blir skule frå hausten.

– Eg er takknemleg og imponert over SV som snur i saka og ikkje lar det gå prestisje i den.

– Det står det respekt av, smilte rektoren.

Ønskjer seg tilskot per elev

Sjølv om rektoren er nøgd har han eitt ønskje til den komande regjeringa og stortinget.

– Vi har jo fått godkjenning for å utvida skulen til opptil 180 elevar, men skal vi klara det treng vi tilskot per elev og ikkje ein fast sum.

– Uansett gler vi oss over dagen i dag, så får vi settja oss saman og sjå på korleis vi utviklar framtida.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.