Lokal | 16. okt. 2012

Kongshaug må behalde tilskotet

Lesarbrev, Os Ap: Kongshaug Musikkgymnas må behalde tilskotet i statsbudsjettet, krev Os Ap i brev til Ap sentralt, stortingsgruppa og Hordaland Ap.

Kongshaug må behalde tilskotet
Os Ap vil at Kongshaug musikkgymnas beheldt tilskotet i statsbudsjettet. Her frå NRK innspeling hausten 2010 (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 16. okt. 2012 10:52

Os Arbeiderparti har sendt følgende brev til Arbeiderspartiets stortingsgruppe, Arbeiderpartiet sentralt og til Hordaland Arbeiderparti:

Måndag 8. oktober la vår eiga regjering fram eit veldig godt statsbudsjett. For Os kommune sin del er vi særs nøgde med at det ligg inne pengar slik at ein kan starte bygging av ny E-39 mellom Svegatjønn og Rådal.

Når ein går gått grundigare inn i forslaget til statsbudsjett oppdagar vi likevel at Regjeringa foreslår å kutte tilskottet til Kongshaug musikkgymnas med 3,2 millionar kroner. Dette inneber ein reduksjon i statstilskotet på heile 22 prosent.

Forslaget kom som lyn frå klår himmel. Ingen hadde vorte varsla om at dette kunne skje. Sidan 2001 har det vore tverrpolitisk semje om at Kongshaug Musikkgymnas skulle få dette tilskotet.

Seinast i 2003 vart følgjande skreve i Innst. S. nr. 13 (2000-2001). (som nenmt over).

«Flertallet anslår merkostnadene for en egen musikksats til å være 2,5 mill kroner i forhold til Regjeringens forslag. Flertallet viser til budsjettavtalen der avtalepartene bevilger 2,5 mill kroner ekstra til Kongshaug Musikkgymnas. Fleretallet ber om at dette videreføres i senere budsjetter på samme nivå. ( Krf, Høyre, Frp og Venstre)

Flertallet går også inn for å øke støtten til privatskolene generelt.

SV, AP og SP har egen merknad til budsjettet og avslutter slik:

Disse medlemmer reduserer i sitt forslag under post 70 med 285,9 mill. kroner og øker samme post med 2,5 mill. kroner til Kongshaug Musikkgymnas. Post 70 foreslås etter dette nedsatt med 284,3 mill. kroner, jf. Forslag under punkt 7.»

Som ein ser så er det tverrpolitisk semje om at Kongshaug musikkgymnas skal ha eit tilskot. Det har Kongshaug fått kvart år med Arbeiderpartiet i regjering. For 2013 er framlegget at dette ekstratilskotet blir fjerna.

Kongshaug musikkgymnas har 90 skuleplassar og 25 årsverk. Dei bidreg positivt og aktivt til kulturlivet i Os. Blir dette kuttet ståande kan det bety nedlegging av eit godt tilbod. Det er også underleg at leiinga ved skulen ikkje har blitt varsla om at eit slikt kutt kunne bli aktuelt.

Os Arbeiderparti meiner at Arbeiderpartiet sentralt og vår stortingsgruppe i behandlinga av statsbudsjettet må få retta opp i dette kuttet og gje Kongshaug musikkgymnas den støtta som dei har hatt sidan 2001.

Med hilsen
OS ARBEIDERPARTI
Gunn Cecilie Omre
Leder

Lars Atle Skorpen
Gruppeleder

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.