Kultur | 28. okt. 2012

Konkurrerer om New York-tur

Fleire unge filmskaparar frå Os kjempar om tur til New York og møte med popgruppa One Direction. Her kan du sjå nokre av videoane.

Konkurrerer om New York-tur
Maren Tverderøy Eidsvik er blant dei unge filmskaparane frå Os som deltar i One Direction-konkurransen til TV2 Senkveld. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 28. okt. 2012 18:52

Søndag kveld går fristen ut og fleire ungdomar frå Os har allereie sendt inn bidrag til talkshow-programmet Senkveld på TV2 sin store konkurranse.

Deltakarane må laga ein mest mogleg kreativ film der dei får flest mogleg til å seia «I Love One Direction» framfor kamera. Filmen må klippast og lastast opp på YouTube, Vimeo eller liknande og lenkja til filmen må sendast inn innan midnatt.

Premien? Tur for regissøren, ein ven og ein vaksen til New York for å møta popgruppa «One Direction». Vinnarane får også billett til den utselte konserten deira på Madison Square Garden 3. desember.

«One Direction» er ei britisk popgruppe som blei danna under X-Factor i 2010. Bandet kom på 3. plass og gav året etter ut blant anna singelen «What Makes You Beautiful», som dei i år vann Brit Awards for.

Prøvde å få ordføraren med

Mange unge og ferske filmskaparar har kasta seg over konkurransen og fleire av dei er frå Os. Ein av dei er Maren Tverderøy Eidsvik som går i 7. klasse på Os skule.

– Eg har lånt pappa sitt Canon speglreflekskamera og filma alt før helga. Fredag samla eg 13 positive venar frå klassen til siste opptak på Telthusplassen.

SJÅ VIDEOEN NEDST I ARTIKKELEN

– Eg prøvde å få tak i ordføraren òg, men dei på kundetorget i rådhuset sa at han var opptatt, seier Maren.

Fleire deltakarar frå Os

Maren fortel at ho har filma det meste sjølv, men og er også framfor kamera, med på dansen på Telthusplassen.

– Eg har filma litt før, men dette er det største prosjektet til no. Heldigvis fekk eg litt hjelp av kusina mi til å redigera filmen.

– Og så er eg veldig takksam for at alle stilte opp, dette hadde ikkje gått utan så gode venar.

Maren er ikkje einaste deltakar frå Os, blant anna Katrine og Runa frå Søre Neset, Julia og Solveig frå Lysekloster/Søfteland og Camilla Os.

Sjå Julia og Solveig sin video her (1.243 views til no)

Sjå Camilla sin video her (161 views til no)

Sjå Katrine og Runa sin video her (32 views til no)

Veit du om fleire deltakarvideoar frå Os? Tips oss på kjetil@midtsiden.no.

Under ser du Maren frå Os skule sin video (108 views til no):

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.