Lokal | 17. juni 2014

Konteinar på plass i vikjo

Rett før pinse kom bosskontainer på plass i Mobergsvikjo. – Vikjo er så populær at vi allereie no må tømme den, fortel Oddmund Dingen.

Konteinar på plass i vikjo
Tidlegare i vår flaut bosset rundt boss-spanna, men før pinse kom ein konteinar som rommar 8 kubikk på plass (fotomotasje: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 17. juni 2014 12:04

I slutten av april skreiv vi om bosset som flaut i Mobergsvikjo. Då fortalde administrativ leiar i Bergen og Omland Friluftsråd (BFO) at sommaren hadde kom litt brått på, men at dei skulle få til ei løysing.

– Rett før pinse fekk vi den på plass.

– Det var ein litt utfordrande jobb, for vegen ned er såpass dårleg at store bilar ikkje vil køyra ned, fortel driftssjef i BOF, Oddmund Dingen.

Løyst med lokale krefter

Løysinga fann BOF lokalt.

– Vi freista først å løysa det med BIR, men bilane dei har blei for store og ville ikkje køyre ned der.

– Ask transport blei løysinga. Dei har ein relativt liten bil dei kunne nytta, så då fekk vi på plass ein konteinar som rommar 8 kubikk.

– Eg er veldig glad for at vi kunne løysa utfordringa ved hjelp av lokale krefter.

– Folk er flinke

Mobergsvikjo har vore eit særs populært utfartsområde i vår.

– Du veit det er lunt og fint der når det er nordavinn.

– Den har vore veldig mykje brukt i vår.

– Folk har òg vore flinke til å rydda etter seg og å kasta bosset. Det set vi stor pris på.

– Berre frå pinse til no, har den nye kontainaren blitt fylt opp, så vi kjem til å tømma den no før helga, avsluttar driftssjefen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.