Lokal | 09. aug. 2012

Kontroll og lause hestar

Trafikkontroll i SperrevikvegenLause hestar i Hegglandsdalen og HatvikFamilievald

Kontroll og lause hestar
Andris Hamretorsdag 09. aug. 2012 12:41

Politiet hadde onsdag kveld i 22-tida trafikkontroll i Sperrevikvegen.

- Der blei 31 bilar kontrollert uten grunn til å reagera.

- Dette er andre kontrollen i Lysefjorden på kort tid. Er det nokon spesiell grunn?

- Vi freister å ha kontrollar forskjellege stader i kommunen, men vi har fått nokre meldingar om høg hastigheit der ute, så det var nok grunnen til at patrulja la kontrollen akkurat der i går, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik.

Lause hestar

I går kveld fekk politiet melding om lause hestar på Hatvik.

- Seinare på natta kom det ny melding om lause hestar, men denne gongen frå Hatvikvegen.

- Det skal ha vore ein fem - seks hestar det er snakk om som sprang i vegen.

- Eigar blei varsla og tok hand om dei, seier Sperrevik.

Familievald

Politiet måtte òg rykka ut til ei episode av familievald onsdag.

- Vi snakka med båe partar og fekk roa ned situasjonen. Korleis saka blir følgd opp vidare får vi sjå litt nærare på.

- Barnevernet blei òg orientert sidan det var ungar inne i bildet, avsluttar politioverbetjent Terje Sperrevik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.