Samferdsle | 06. aug. 2025

Kontrollerte 69 tunge køyretøy

Eit køyretøy med spesialtransport fekk bruksforbod under kontrollen ved Svegatjørn.

Kontrollerte 69 tunge køyretøy
Kontrollplassen på Svegatjørn. Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Marie Ingeborg Kroka
Marie Ingeborg Krokaonsdag 06. aug. 2025 09:55

Statens vegvesen gjennomførte på dagtid tysdag 5. august ein kontroll retta mot tunge køyretøy og varebilar ved Svegatjørn kontrollplass.

Målet var som alltid å betre trafikksikkerheita og avdekke tekniske manglar og brot på regelverk.

– Vi har nullvisjon for hardt skadde eller drepne i trafikken, og alle som ferdast på norske vegar skal kome trygt fram, seier John Kåre Larsen i Statens vegvesen.

I alt passerte 69 tunge køyretøy kontrollplassen denne dagen.

Dette fann kontrollørane å reagera på:

  • Eitt køyretøy fekk bruksforbod på grunn av manglar ved merking av breidde på ein spesialtransport.
  • To køyretøy fekk skriftlege manglar – eitt for lekkasje frå trykkluftsystemet, og eitt for feil med lysutrustinga.
  • Fem førarar vart kontrollerte for køyre- og kviletid. To av dei fekk til saman fire advarslar for mindre brot på reglane.

Vegvesenet opplyser på at kontrollane omfattar alt frå lastsikring, dekk og bremsar til bruk av bilbelte og sikring av barn i bil.

Dei seier òg at kontroll av køyre- og kviletid er viktig for å hindre sosial dumping i transportbransjen.

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.