Kontrollerte Oselvo for oppdrettsfisk

Etter rapportar om mykje fangst i Bjørnafjorden var Johnny Lund i går på kontrollfiske nedst i Oselvo.

Johnny Lund utførte kontrollfiske i Oselvo etter rømt oppdrettslaks. Her i sone null. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 28. nov. 2015 09:39

Bildeserie:

Ein halvtime etter full flo i går såg det sånn ut i elveosen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Oselvo var høg i går og aukar nok i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Johnny fekk napp i sone 1. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Brua over til holmen i sone 1. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
I sone null beit det fisk på kroken. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Men det var ein liten aure. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Den blei sjølvsagt sett ut igjen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Ein halvtime etter full flo i går såg det sånn ut i elveosen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Oselvo var høg i går og aukar nok i dag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 8

I ei veke har det vore fiska mykje oppdrettslaks med garn i Bjørnafjorden.

Les òg: Rømt laks skaper klondikestemning og konfliktar

Kontrollfisket i Oselvo var i ferd med å bli runda av for hausten då det kom informasjon om rømt oppdrettslaks, i går var ein av kontrollfiskarane ute med stanga igjen.

– Dei store vassmengdene gjer at eg tviler på at eg får noko, sa Johnny Lund før han starta.

Vassføringa hadde auka frå 7500 kubikk til 65.000 kubikk frå torsdag til fredag, ifølgje NVE sin målestasjon på Røykenes.

– Oppdrettslaksen har ikkje noko sterk drift som seier at han skal gå opp elva, så den blir nok spylt på fjorden igjen slik elva er no.

Det tar omtrent halvanna døgn før vassføringa på Røykenes når nedste del av Oselvo. I skrivande stund viser stasjonen på Røykenes 32.800 kubikk.

Fekk éin fisk på land - men det var ikkje oppdrett

Lund fiska nedst i elva, i sone 1 og i sone 0. I sone 1 fekk han napp, i sone 0 blei det fisk på land.

Ein liten aure beit på kroken, sluk egna med reke, men blei sett rett ut igjen.

– Det ser ikkje ut til å vera oppdrettslaks her no, men vi får følgja med når elva går ned igjen.

– I mellomtida håper vi at fiskarane på fjorden tar mest mogleg av oppdrettsfisken med garna sine.

Midtsiden har snakka med ein av dei ivrigaste laksefiskarane. Han fekk ingen laks fredag.

Midtsiden samleside: Jakt og fiske

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.