– Kor e' kundane?

Årets vårslepp blei søkk vått, men arrangørane fullførte med stil.

Det regna gjennom heile vårsleppet, likevel blei både konsertar og moteshow gjennomført med stil. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 26. apr. 2015 09:08

Bildeserie:

Rallycross-søsknene Breivik stilte også opp. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Høyre gav ly til våte løver. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Heine Skogseid liker at Lions støttar Ung Lørdag. Terje Hatvik t.h. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Treningsfolk i telt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Trass tett regn blei moteshowet gjennomført. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Publikum var få. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Men stemninga var god. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Os Turlag kvir seg ikkje for å vera ute. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Rallycross-søsknene Breivik stilte også opp. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Høyre gav ly til våte løver. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 8

Det var berre éi regnbyge i Os i går, men dessverre varte den gjennom heile dagen.

Ulvenmarknaden, jentefotballdagen og årets vårslepp i Os sentrum var alle arrangement som hadde håpe på tørrare vêr.

– Førre helg var fantastisk og vårsleppet vi hadde i fjor var strålande. I dag regna det meste vekk, fortvilte leiar for Os Sentrumsforening Geir Amundsen etter at dagen var over.

Gjennomførte etter planen

Frå klokka 10 til 16 var det utstillarar, aktivitetar og underhalding i sentrum, men svært få fann vegen til Øyro i regnet.

– Vi bestemte oss likevel å gjennomføra alt, frå moteshowet til konsert med Join Us og Fredrik Dahle Kristiansen og Hans Marius Johnsen.

– Dagen blei langt frå så god som den kunne blitt, men vi får håpa på betre vêr under marknadsdagane i slutten av juni.

– Segway var ny utstillar hos oss i år. Eg har invitert dei tilbake i juni og håper dei vil til Os igjen, seier Amundsen.

Sjå video - test av segway i Os sentrum.

Tulipanar og politikk

Ved sidan av sal av mat og utstyr var politiske parti og Lions på plass, Lions som del av årets tulipanaksjon.

Lions hadde berre med seg ein liten, optimistisk parasoll, men fekk søka ly i teltet til Os Høyre.

– Eg vil kjøpa tulipanar for å støtta aksjonen og ungdomsklubben Ung Lørdag, fortel Heine Skogseid.

– Å ha ein samlingsplass for ungdomen, at dei ikkje berre sit heime, synest eg er viktig og ei god sak av Lions å støtta.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.