Politikk | 18. feb. 2019

Kor lang skal ein KLEM vera?

Omfanget og lengda på utkastet til den den nye klima, energi- og miljøplanen til Os kommune har ikkje gått upåakta hen.

Kor lang skal ein KLEM vera?
– Planen er for lang, meiner Hesthamar (t.h.). – Førre plan, frå 2012, var nesten like lang, svarer Stadaas. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighmandag 18. feb. 2019 10:05

I møte i Os formannskap 5.februar vart planen presentert. Arealplanleggjar i planavdelinga, Arne-Richard Stadaas, har saman med Asplan Viak ført planen i pennen.

Til møtet var Stadaas invitert til å svara på spørsmål frå dei folkevalde.

Møtt med skepsis og skuffelse

Helge Steinum (Ap) teikna seg først på kommentar-lista. Han tykte planen var god, men var uroa over kor ressurskrevjande den ville verta sett ut i live.

Marie Bruarøy (H) kvessa til med å seia seg noko skuffa.

– Dette her vert for omfattande - vi ba ikkje om ei tjukk mappe. Eg får følinga av at det står grusomt dårleg til. Planen burde vore mykje meir konkret.

Tallnerd - og ønskje om fleire punkt

Terje Søviknes (Frp) hadde lest planen nøye nok til at han hadde summert opp eit talmateriale frå planen;

– Eg er gjerne litt tallnerd, men eg har kome til 47 kulepunkt for mål, 72 tiltak og meir enn 30 undersøkjingar vi må forhalda oss til.

Søviknes tok så til orde for eit ekstramøte i formannskapet kor rapporten vert jobba med.

– Kall det gjerne eit arbeidsseminar kor vi tek føre oss planen i detalj.

Nils-Anders Nøttseter (MDG) var på si side av den oppfatninga at planen var god, og skulle gjerne ha vore endå lengre.

– Dette er ein god plan, og vi må anerkjenna den. Perspektivet i innleiinga av rapporten er i mine auge heilt korrekt, og eg vil be om at vi legg til sju beskjedne punkt i planen;

1. Endra til at Os kommune skal verta klimanøytral i 2030, slik tilrådinga er i Klimapartnernettverket.

2. Oppretta klima- og miljøfond for tilsette i kommunal sektor for å stimulera til oppfinnsame løyingsar og endra åtferd

3. Arbeida for fossilfrie byggeplassar

4. Forankring til relevante FN-berekraftmål

5. Arbeida for etablering av bil-dele-ring

6. Oppretta målestasjonar for å kunna følgja utviklinga på luftkvaliteten i kommunen

7. Formannskapet ber fellesnemnda om å legga denne KLEM-planen til grunn for den nye kommunen, med intensjon om snarleg rullering etter samanslåing 01.01.2020

Tone Hepsøe (H) stilte seg i stor grad i same posisjon som Nøttseter, og oppmoda formannskapet om å forhalda seg til resten av verda.

– Vi ba om 12 sider - fekk 80

Den som tydlegast ytra skepsis, frustrasjon og misnøye med KLEM-planen, var Eirik André Hesthamar (Frp).

Hesthamar undra på om planen var skriven utan at den politiske styringsgruppa hadde vore kopla på i det heile, og han var tydeleg på at han hadde forventa noko kortare enn 80 sider.

Skjøner politikarane si reservasjon

Vi har teke ein prat med Hesthamar og Stadaas for å høyra meir om korleis dei oppfattar KLEM-planen.

Stadaas fortel at han har forståing for reaksjonane som har kome, men han står rakrygga bak planen slik den no ligg ute til høyring.

– Dette er einaste farbare veg for oss som kommune om vi ønskjer forutsigbarheit.

– Vi må sjå på planen som eit verktøy til å kvalitetssikra oss sjølve. Eg skjønar at enkelte føler det er overveldande, og eg skjøner at det for enkelte kan verka som vi misser noko sjølvråderett med noko så omfattande, men dette er slik eg ser det, bestillinga slik ho vart gjeven i 2015.

Sendt på gangen med den førre planen

Stadaas fortel vidare at bestillinga har vore krystallklar frå dei folkevalde, og at det var stor politisk vilje bak bestillinga.

– Det var faktisk med bakgrunn i eit møte lengre nede i Europa, kor Lyseparken skulle seljast inn for EU-diplomatar. Målet var potensielle avtalar i milliardklassen.

Då Os kommune på oppmoding ikkje kunne visa fram ein god KLEM-plan, vart møtet heller korfatta.

Vel heime var det ifølgje Stadaas stor felles vilje for å laga ein rapport som var framtidsretta, og som ville stetta alle internasjonale krav. Det var òg tydeleg frå politisk hald at planen skulle vera realistisk og gjennomførbar.

– Den planen vi prøvde å selja inn saman med Lyseparken svikta heilt på lokal forankring og ansvarsfordeling. Når vi på ny dreg ned, vonaleg med denne nye planen i bagasjen, vil vi ikkje bli beden om å dra heim og «gjera leksene våre på nytt».

– Men kva seier du til Hesthamar og Bruarøy sine kommentarar på at dette vart for stort, og at 12 sider hadde vore betre enn 80?

– Kjem ein rapport på 12 sider på bordet, i ein liknande situasjon som med Lyseparken, er det berre «neste takk!» Det nyttar ikkje kutta hjørner her. No har vi, heldigvis, vald å ta med M-en, altså miljøbeten. Denne bokstaven kan opna gode EU-tilskot, men vi vert fort avslørt om vi forsøker oss på noko halvvegs.

– Når det gjeld sidetal, kan eg nemna at den førre planen, frå 2012, var på 75 sider ...

Er allereie i drift på fleire område

Stadaas fortel at på fleire område er Os kommune allereie kome langt i arbeidet med klima, energi- og miljøtak.

– Både planavdelinga og dei tekniske tenestene er i gang med tiltak som er skildra i planen, og nyleg vart Os kommune «miljøpartnar». Det fine med planen elles, er at vi kan byrja å bruka den umiddelbart.

Stadaas understrekar at han ønskjer ordføraren sitt initiativ om eit arbeidsmøte rundt planen velkomen.

– Eg stiller meg bak behova for å sjå på og arbeida nærare med planen, og det vil nok letta det heile om vi byrjar med å setja opp ei prioteringsliste.

Stadaas jobba sjølv tidlegare hos Fylkesmannen, kor han sat og skreiv uttalar, på nettopp ulike kommunar sine KLEM-planar.

– Med mi erfaring kan eg berre seia éin ting; vår plan er suverent best!

– Den er framtidsretta og den kan fint takast med inn i kommunerforma og samanslåinga med Fusa kommune, sjølvsagt med lokal forankring i Fusa som tillegg, avsluttar Stadaas.

Frustrert gongar to

Eirik André Hesthamar (Frp) er på si side framleis frustrert over planen han fekk presentert i formannskapet.

– Min første frustrasjon gjeld det eg ser som manglande politisk involvering undervegs i prosessen.

– Det er lange og gode tradisjonar i Os kommune for nettopp dette, men her tykkjer eg det har mangla. Den politiske styringsgruppa har ikkje hatt dette prosjektet inne til jamleg avsjekk, noko eg elles er van med frå andre utval og prosjekt.

– Det andre som frustrerer meg er mangelen på å gjera tydeleg kva denne planen i klartekst betyr for oss som kommune.

– Vi driv og seperat-vedtek planar, til dømes samfunnsplanen frå 2017, og i desse dagar er arealplanen under arbeid. Er det ein raud tråd her, og kven er det som eigentleg eig utviklinga av kommunen vår?

Bevisst miljøet - debatten er krevjande

– Kva er miljø for deg, Hesthamar?

– Eg er oppteken av det, ja. Eg likar å ha det reint rundt meg eg òg, og eg nektar sjølvsagt ikkje for klimaendringane, men er tykkjer det er ein utfordrande debatt.

– Det er til tider vanskeleg å forstå alle krava og spådommane. Vi har hatt flaumar og store stormar tidlegara i historia, men oppsummert er det prosessen rundt dette arbeidet eg ser som utfordrande.

Hesthamar er tydeleg på at Os kommune skal vera bevisst ansvaret sitt, og han ser på ordførar Søviknes sitt inititiv sitt framspel til eit ekstra arbeidsmøte i formannskapet som positivt. Å fordela ansvar på kvifor det vart «stein i skoen» for Hesthamar på KLEM-planen vil ikkje Hesthamar dvela så mykje med.

– Kvifor det ikkje har vore større involvering frå den politiske styringsgruppa er vanskeleg å seia, men denne planen treng vi vera med å forma vidare.

Det ekstra arbeidsmøtet i formannskapet er sete til tysdag 19.mars.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.