Lokal | 01. des. 2017

Kor mange lærarar må Os auka med?

Ny lærarnorm kan føra til endringar også i Os-skulane.

Kor mange lærarar må Os auka med?
Per Olav Sørås, her i kommunestyret 21. november. (Foto: Andris Hamre)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 01. des. 2017 12:25

I førre veke blei regjeringspartia einige med Venstre og KrF om statsbudsjettet.

I avtalen fekk KrF gjennomslag for ein ny lærarnorm, no blir det eit makstal elevar per lærar.

2018 (gjeld skulestart i august)
• Maks 16 elevar per lærar på 1. til 4. trinn
• Maks 21 elevar per lærar på 5. til 10. trinn

2019
• Maks 15 elevar per lærar på 1. til 4. trinn
• Maks 20 elevar per lærar på 5. til 10. trinn

Normen fører til behov for 2.800 fleire lærarar. Ifølgje Bergens Tidende viser førebelse tal at dei fem største kommunane får meir enn 40 prosent av desse, mens 170 kommunar får ingenting.

Foreløpige tall viser at landets fem største kommuner får mer enn 40 prosent av potten, mens 170 distriktskommuner ikkje får noko. Men der er 426 kommunar i Noreg, og mange fleire enn dei fem største som vil få fleire lærarar.

Os kan vera éin av dei.

Store, men delvis misvisande forskjellar

I ei oversikt på BT.no ser du status per skule, per trinn (1.-4. og 5.-10. klasse) for alle kommunar.

I både bildetekst til skjemaet - og i avsnittet under, forklarer BT kvifor desse tala kan misforståast. Éi av årsakene er at vi i Noreg målet lærartettleik ut frå snitt i ordinær undervising. Skular som bruker mykje ressursar på spesialundervising eller særskilt norskopplæring får store utslag i statistikken.

Eksempel frå skulane i Os:
• Tabellen viser at Strøno barneskule har 11,9 og 10,2 elevar per lærar
• Os barneskule har 19,8 elevar per lærar i 1. til 4. trinn
• Søfteland har heile 46,3 elevar per lærar i 5. til 7. trinn.

Sørås er spent

Fagsjef for barnehage og skule i Os, Per Olav Sørås, seier han førebels ikkje har fått informasjon oversendt frå verken Kunnskapsdepartementet eller Utdanningsdirektoratet som seier noko om korleis dette faktisk slår ut for Os.

– Eg har førebels for lite informasjon til å seia noko sikkert om kva denne normen vil ha å seia for Os sin del, seier Sørås.

– Ut frå oversikta BT presenterte kan Os få rundt 20 nye lærarar, og det er jo flott, om dette er øyremerkte midlar som kjem utanom ramma vi har frå før. .

Viktige vaksne utanom lærarstanden

– Korleis er bemanningssituasjonen i dag?

– Os kommune bruker i dag som landssnittet på spesialundervising totalt sett, men litt meir til dei eldste elevane. Vi har styrka tidleg innsats med forsterkingslærarar på 1.-4.tinn nettopp for å redusera tal på elevar som seinare skal måtta trenga spesialundervisning.

– Vi har eit ønskje om at flest mogleg følgjer den ordinære undervisinga og i størst mogleg grad er del av klassen sin, og at berre dei som ikkje får utbyte av denne opplæringa får spesialundervisninga som dei har rett på. Vi bruker òg ein del ressursar på fagarbeidarar og assistentar, og er heldige som har mange dyktige vaksne i skulen ved sidan av alle lærarane.

Ein norm som fører til auka lærarmengd ser Sørås uansett på som positivt.

– Viss vi får friske midlar til rundt 20 nye lærarstillingar så er eg trygg på at vi skal kunna bruka desse på ein fornuftig måte.

Kapasitet og elevtal per skule

– Kan dette påverka kapasiteten ved skulane, at klassane bli så små at nokre skular får mindre elevkapasitet og må flytta elevar til andre skular?

– Nei, det ser eg ikkje for meg.

– Slik eg forstår regjeringa sitt forslag til ny lærarnorm, så handlar det om fleire lærarar inn i dei klassane vi allereie har, seier Sørås.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.