Kor og 12 solistar

Nyinnspeling av Os-songen: Carina Blålid samla vokalistar og kor i kyrkja for siste innspeling. Sjå liste - desse syng «Song til Os».

Produsent TomTom (Thomas Haugland) saman med kora i Os kyrkje for siste vokal-innspeling av Os-songen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 29. juni 2015 13:54

Bildeserie:

Myrna Braza arrangerte kora. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Johnsen, Strønen, Skoglund og Bunæs venta på tur. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Produsent TomTom. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Først ut var det handplukka barnekoret. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Carina ståande med Rolv L. Bjørø, som saman med Varde skal laga video til låta. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Myrna Braza arrangerte kora. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Johnsen, Strønen, Skoglund og Bunæs venta på tur. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 5
Johnsen, Strønen, Skoglund og Bunæs venta på tur. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Produsent TomTom. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Først ut var det handplukka barnekoret. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Carina ståande med Rolv L. Bjørø, som saman med Varde skal laga video til låta. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Myrna Braza arrangerte kora. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

I mai fortalte vi om ein musikarfellesskap som vil spela inn Os-songen (Song til Os). Solistane er spelt inn, onsdag var barnekor og vaksenkor samla i Os kyrkje for å gje sitt bidrag.

– Eg er heilt imponert over kor flinke dei var. Mange av dei, vaksne og born, har aldri sunge saman før, fortel initiativtakar Carina Blålid.

Myrna Braza har laga arrangement til kora, og leia unge og vaksne gjennom strofe etter strofe. Sambuar TomTom (Thomas Haugland) skal saman med Vegard Skorpen mixa låa.

– Vi har spelt inn ein del instrument, men ikkje alle, seier Blålid.

Over 50 involverte

Til innspelinga er det 12 solistar, 13 i vaksen blandakor og 18 born.

Ei rekkje instrument av over 10 ulike musikarar frå Os skal også spelast inn.

– Det har vore utruleg gøy å jobba med dette, med så mange dyktige og positive musikarar i ulike aldrar.

Video og lansering

I tillegg til innspeling av av låta blir det laga video.

Varde Film og Media er saman med Rolv Lyssand Bjørø (barnebarnet til Henrik Lyssand, som har skrive melodien til Os-songen) er involvert i prosjektet.

– Det som no står igjen er å laga video til låta, i tillegg til innspeling av dei siste instrumenta.

Låta skal lanserast på storskjerm under Osfest i månadsskiftet juli-august.

Her er lista over vokalistane

(musikarane kjem når alle er klare)

Soloartistar (og forteljarstemme): Gina Aspenes, Ole Reinert Berg, Leif Østrem, Selma Fosså Bunæs, Eirik Søfteland, Anne Solberg Andersson, Fredrik Dahle Kristiansen, Eva Therese N. Myrdal, Tone Lise Moberg, Åsmund Lien, Marie Bruarøy og June Strønen.

Kor: Myrna Braza, Ada Mathilde Keita Hansson, Eva Therese N. Myrdal, Tor Espen Skoglund, Hans Marius Johnsen, Monica Solheim, Selma Bunæs Fosså, Annie Sunday, Paulina Sandra Janukiewicz, June Strønen, Oda Hjelle Skorpen, Øystein Skorpen, Vegard Skorpen.

Barnekor: Sara Skåthun, Sara Wiers, Melina Solvang, Elias Drange Blålid, Nicolas Drange Blålid, Sina Larsson Henne, Kaia Larsson Henne, Karl Ludvik Tøsdal, Finn Færøy, Lena Wik, Ida Årdal, June H. Valle, Nora Johannesen, Leah Johannesen, Sol Skorpen, Frida Skorpen, Daniela Styve Kallekleiv og Lana Styve Kallekleiv.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.