Lokal | 18. mars 2016

Kor stort er sentrum?

Er sentrum berre Osøyro slik vi kjenner det i dag, eller strekk det seg frå Moberg til UnoX og Industrivegen?

Kor stort er sentrum?
Leiar i Plan- og bygningsutvalet Gustav Bahus (Frp) og plansjef Aina Tjosås inviterar osingane med på å diskutera arealplanen (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 18. mars 2016 10:43

Dette er eit av mange sentrale spørsmål osingane og politikarane må ta stilling til når den nye arealplanen for Os kommune no skal utarbeidast.

Torsdag satt plan- og bygningsutvalet saman for å drøfte kva ein skulle ha med i planprogrammet som skal leggje grunnlaget for utarbeidinga av den oppdaterte arealplanen for kommunen.

Kor langt er 2,5 km?

I den regionale planen for senterutvikling frå Hordaland Fylkeskommune er Osøyro definert som eit regionsenter som skal sørva heile Bjørnafjordsregionen sør for Bergen.

– Eg vil sjå på kor lang gangavstand på Osøyro som skal definerast som den naturlege omlaget til kommunesenteret. Eg vil utvida det, sa Espen Aspenes (Frp), som ikkje heilt klarte å få ta i dei ulike begrepa overodna mynde bruker om gangavstand, køyreavstand og sykkelavstand.

– Kva er forskjellen på gangavstand, køyreavstand og sykkelavstand på 2,5 km. Er ikkje 2,5 km 2,5 km?, undra Aspenes som ønskja å definera Osøyro allereie no.

– Det er eg sterkt fagleg ueinig i. Det er uheldig om de bankar det allereie no. Dette er noko osingane bør vera med å leggje sjela si i, svara plansjef Aina Tjosås.

Vil ha diskusjonar

Aspenes ville ikkje heilt gje seg på det, sjølv om plansjefen var ueinig.

– Vi må kunne fortelje kva vi tenkjer allereie no. Den gjeldande sentrumsplanen lager ei naturleg avgrensing på sentrumskjernen. Så har vi operert med eit handelsdrag frå Kiwi Moberg, opp Osdalen til Unox og moglegens Kolskogen. Vi må seie noko om øyro og øyro sine avgrensingar, kommenterte Aspenes.

– Då er du inne på kjernen i arealplanen. Dette er ein diskusjon vi nesten skulle hatt eit eige involveringsmøte på. Eg synes difor det er uheldig om de seier at det er definert frå og til sånn og sånn. Dette er ein diskusjon vi ønskjer å ta og inkludera osingane i, repliserte Tjosås som fekk ei viss støtte frå Terje Sperrevik (TvS).

– Eg vil ha i gang ein prosess kor vi bryter og tenkjer litt på det. Då må vi kaste ut eit agn til folk slik at dei blir med og diskuterar. Står det tydeleg nok at vi ønskjer desse diskusjonane, undra Sperrevik som fekk til svar at det meinte plansjefen at det gjorde.

Kva er sentrum om 25 år?

Harald Døsen (Ap) kasta seg inn i diskusjonen, kanskje med eit litt lengre perspektiv enn dei andre.

– Livet på øyro er veldig avhengig av kva vi definerar som sentrum. Vi må tenkje 25 år fram i tid. Kanskje vil ikkje øyro vera eit handelsentrum då, kanskje heller ikkje Flåten senter er det det er i dag då, kommenterte Døsen.

– Det som er viktig i planarbeidet er å tenkje langt fram som Harald seier. Vi må få til ein transformasjon av dagens verksemder til å bli eit attraktivt handelssenter. Vi må få til liv på øyro enn eit vidare begrep enn i dag, supplerte Gustav Bahus (Frp) før utvalet gjekk vidare til neste tema i arealplanen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.