Lokal | 26. des. 2012

Kor tid blir bosset henta?

Skulle du hatt henting av restavfall tysdag eller onsdag? Då bør du lesa dette.

Kor tid blir bosset henta?
(Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 26. des. 2012 21:07

Lurer du på kor tid du kan trilla bosset til vegen no i jula?

Julaftan og nyttårsaftan skal det vera henting av restavfall som normalt denne juleferien, men dei som vanlegvis har henting tydagar og onsdagar, altså 1. og 2. juledag, får desse hentedagane:

• Tysdag 1. juledag = henting torsdag 27. desember (i morgon)

• Onsdag 2. juledag = henitng fredag 28. desember.

I neste veke er det berre éin dag det ikkje er henting som normalt, og det er tysdag 1. januar. Skulle du hatt henting denne dagen må du venta éin dag, til onsdag 2. januar.

Har det hopa seg opp med papp og annan emballasje i bod og garasje?

Gjenvinningsstasjonane held stengt julaftan og nyttårsaftan, i tillegg til heilagdagane, men er elles open som vanleg:

Måndag og torsdag 15.00 - 19.00
Tysdag, onsdag og fredag 10.00 - 18.00
Laurdag 09.00 - 15.00

Les meir på bir.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.