Lokal | 20. feb. 2012

Korleis blir vinterferien?

Denne veka blir våt og varm i Os. Korleis blir det i fjellet i vinterferien?

Korleis blir vinterferien?
Eikedalen i går: Sol, delvis skya og opphaldsvêr fram til klokka 14.30. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamremåndag 20. feb. 2012 13:55

Fredag 24. februar er siste skuledag før vinterferien på Vestlandet. I Os er det meldt kuling og regn måndag, fint vêr tysdag og regn og 7-8 gradar frå onsdag av.

Sjå langtidsvarselet for Osøyro her.

Korleis ser vêrmeldingene for skidestinasjonane rundt Os ut dagane før vinterferien?

Eikedalen

Held stengt i dag, mandag 20. februar, då det er venta mykje vind og nedbør.

Tysdagen er meldt fin med delvis skya og eit par minusgrader. Utover i veka kjem det meir nedbør. Om det blir regn eller snø er usikkert då temperaturane vil svinga får eit par plussgradar til eit par minusgradar. Heldigvis vil det vera lite vind denne veka.

Starten på vinterferien blir framleis prega av nedbør, hovudsakeleg som snø. Meterologane ventar opp mot 12-15 mm kvart døgn fram mot onsdag i vinterferieveka. Varsla er meir usikre jo lengre fram i tid ein kjem.

Sjå langtidsvarselet for Eikedalen her.

Voss

Voss Fjellandsby - Myrkdalen fekk smaka på den lunefulle snøen søndag då eit omlag 30 meter breitt snøskred gjekk ved Landsbytrekket.

For heile langtidsvarselet er det meldt meir snø, svak vind og nokre få minusgradar. Mest snø er det venta dei første par dagane med ein topp på onsdag kor det i følgje meldingane skal koma opp mot 45 mm nedbør.

Sjå langtidsvarselet for Myrkdalen her.

I Voss Resort Fjellheisane i Bavallen ser meldingane ganske like ut som for Myrkdalen. Litt mildare i byrjinga av perioden, men elles ganske likt.

Sjå langtidsvarselet for Bavallen her.

Skredfare

Det er sendt ut ei åtvaring mot lokalt stor snøskredfare i fjella på vestlandet grunna sterk vind, nedbør og temperaturstiging. Likevel meiner skredekspertane at 80% av fjellet er trygt.

- Så lenge du ikkje er i terreng med meir enn 30 grader helling, er det rimelig trygt. Om terrenget er brattare enn 30 grader, er skredfaren til stades, seier fagansvarleg for snøskred i Noregs Geotekniske institutt, Christian Jaedicke til nrk.no

Om ein held seg i oppkøyrde løyper og bakker bør ein vera rimeleg trygg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.