Lokal | 02. des. 2016

Korleis hindra radikalisering?

Politiet og PST lærte skular, barnevern og flyktningetenesta om radikalisering og ekstremisme.

Korleis hindra radikalisering?
Fagleiar Pål Tore Haga i Vest Politidistrikt innleia om radikalisering for lærarar, rektorar og andre tilsette i kommunen (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 02. des. 2016 08:05

Torsdag var representantar frå ungdomsskulane, Os vgs, barnevernet, flyktninge- og helsetenesta i kommunen samla i Røde korshuset for å læra om kva det er som gjer at nokon blir radikaliserte og kva faresignal ein skal sjå etter.

For å gje dei denne kunnskapen hadde Anne Lyssand ved Os lensmannskontor invitert med seg Pål Tore Haga, fagleiar for forebyggande arbeid i høve vold og ekstremisme i Vest politidistrikt, Tone Kornli frå PST og Elisabeth Harnes frå RVTN

– Eg trur det er mange som synes temaet er skummelt og ukjent, men eg håpar desse foredraga kan hjelpe med å gje ei felles begrepforståing og ein felles plattform, innleia Anne Lyssand.

– Alle har eit ansvar!

Bodskapen frå dei tre var den sama, det handlar om å bry seg og hindre at nokon blir ståande utanfor.

– Alle har eit ansvar! Det er inga etat eller organisasjon som kan løyse desse utfordringane aleine. Vi må jobba for å hindre utanforskap og mobbing. Dei som blir radikaliserte er sårbare. Føler du at du ikkje har nokon verdi, så søkjer du gjerne mot miljøer kor du føler du får dette gjennom eit fellesskap, forklarte Haga som understreka at det er stor skilnad på å vera radikal og å vera radikalisert.

Endrar åtferd

Haga fortalde at det er fleire teikn som kan gjera at ein bør bli bekymra.

– Det kan vera om dei appellerer til og søkjer etter ekstremt materiell på nettet og sosiale medier, det kan vera at dei endrer utsjånad og klesdrakt eller at dei nyttar symboler som er knytt til ekstreme idealar og organisasjonar. Det kan vera at dei droppar ut av skulen, eller endrar nettverk, vener eller miljø dei heng i eller om dei omgåast personar og grupper kjent for ekstremisme eller hatkriminalitet.

– Det er viktig å understreka at berre eitt av desse punkta ikkje aleine, med unntak av det siste, gjev grunn til uro, men om ein ser fleire av dei i kombinasjon, så kan det vera eit faresignal.

Fang opp dei som fell utanfor

Haga skraut av Os kommune som har eit meistringsteam og av MOT.

– Eg tykkjer MOT gjer eit veldig godt arbeid. Det dei fokuserar på er kjernefaktorane i høve forebygging. Skal vi hindra radikalisering, så handlar det om at vi hindrar utanforskap, diskriminering, følelsen av å bli krenka og urettferdighet. Vi, og de, må freiste å fange opp den som er i ferd med å falla utanfor. Det er på desse sårbarhetfaktorane kor vi alle mann må legg inn innsatsen, understrekte Haga, som fekk støtte frå Kornli og Harnes.

– Er du uroa for ein av elevane, så snakk med den det gjeld. Spør om korleis han har det og kva det går i.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.