Lokal | 15. feb. 2012

Korleis var valentinsdagen?

4 på Øyro: Enkelte hadde ein romantisk dag tysdag, andre lét valentinsdagen passera utan snev av romantikk.

Korleis var valentinsdagen?
Magny Øvrebø, her saman med sonen Sivert Lillefosse, fekk blomar til morsdagen. Men valentinsdagen blei ikkje markert. (Foto: Fredrik Risktad)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 15. feb. 2012 14:32

Av Nordahl Grieg-studentar utplassert hos Midtsiden.no

Tekst: Susann Heggland
Foto: Fredrik Rikstad

Onsdag, dagen etter årets valentinsdag, har Midtsiden tatt ein liten runde på Osøyro for å høyra om feiringa av Sankt Valentines dag har fått fotfeste i Osbygda.

Sondre Berg:

– Eg gjorde ikkje noko spesielt på valentinsdagen. Har aldri brydd meg noe særleg om denne dagen, så eg plar ikkje å feira den.

Magny Øvrebø og Sivert Lillefosse:

– Vi gjorde ikkje noko spesielt i går. Vi har eigentleg ikkje noko spesielt forhold til denne dagen. Eg fekk blomar til morsdagen på søndag, det får halda.

Marianne Jansen Rikstad:

– Eg hadde ein kjempefin valentinsdag. Eg kom heim til god middag, og fekk yndlingssjokoladekaka mi forma som eit hjarte til dessert. Eg har eit avslappa forhold til denne dagen, men det er litt ekstra stas å gjera noko ut av det iblant. Til morsdagen fekk eg blomar, så den dagen blei heller ikkje gløymt.

Jan Edvin Nilsen:

– Eg gløymde heile denne dagen, det er ei markering eg ikkje har noko særleg forhold til.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.