Korona | 07. feb. 2022

Korona: Opplever press på fleire tenester

Stort sjukefråvær i kommunen etter dobling i smittetala.

Korona: Opplever press på fleire tenester
Det er ingen auke i alvorleg sjuke, men kommunen er nedsnødd i utfordringar grunna fråvær. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 07. feb. 2022 13:59

I dag kom kommunen med smitterapport for førre veke.

Den viser at førre rekordveke nesten er dobla.

Koronaviruset. (Foto: FHI)
Les ògSmittetal for veke 5: 960 nye tilfelle

– Vi har høg og aukande smittespreiing, auka sjukefråvær, stor belastning på fastlegar og legevakt (ikkje berre koronarelatert), utbrot på sjukeheim og utfordringar med å ta imot utskrivingsklare pasientar frå sjukehus, skriv kommunen.

Det er registrert enkelttilfelle av smitte blant både tilsette og bebuarar på fleire avdelingar ved Luranetunet, og utbrot ved ei avdeling, kor to pasientar er smitta.

Smittesporings- og testkapasiteten er utfordrande på grunn av stort sjukefråvær og stor pågang.

Det blei tatt 923 PCR-testar på teststasjonane i veke 5.

Opptil 41 prosent sjukefråvær

Det er smitte på dei fleste skulane, både hos elevar og tilsette. Fleire vaksne blir sjuke og er heime, og vikarsituasjonen er utfordrande.

Fem barneskular og to ungdomsskular har høge smittetal per i dag.

– Det er utfordrande å gi opplæringstilbod, men vi vurderer situasjonen frå dag til dag, melder fagsjef skule, Janne M. E. Eik.

I veke 5 varierte fråværet frå 0 til 41 % i barnehagane. Styrarane går inn og dekker yttervakter.

Nokre av barnehagane har måtta redusere opningstida på enkeltavdelingar.

Innan pleie og omsorg omdisponerer kommunen personell, stoppar rulleringsopphald og har framleis redusert dagsentertilbod for å sikre nok folk til sjukeheimane og heimesjukepleia.

Frivillige frå sanitetsforeiningar hjelper til på sjukeheimane ved behov.

Har inngått avtale med tre apotek

Rundt halvparten av alle frå 18 til 44 år har fått tilbod om tredje dose.

– Det er framleis mange i denne gruppa som ikkje har oppnådd tidsintervallet på 20 veker. Den store delen kjem no i februar.

Kommunen har inngått avtale med tre apotek om vaksinering for å gjera det enklare for folk å ta vaksinen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.