Lokal | 31. des. 2020

Koronajul og krigsjul

Samkjensle er eit fint ord, og i ufredstida viste den seg seg å vera sterk.

Koronajul og krigsjul
Arnfinn Haga (t.h.) og kona Sølvi har vore fast juletrekunde hos Botnevik i tre generasjonar. Her under handel med Jon Ole i 2016. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 31. des. 2020 08:32

Me har både jul og jol på norsk. Høyrer du ordet jol, er det mest som du kjenner duft av brakje og ser blakrande ljos frå ein stakje. Då me i si tid budde nokre år på Voss, lærde me at der både seier dei og skriv dei jol. Her på våre kantar heiter det jul.

På julafto i år kunne me ikkje vera samla fleire enn nokre få.

Ikkje kunne me handhelsa og ikkje gje klem.

Me måtte ha minst ein meter klaring til kvarandre, i striden mot ein usynleg fiende. Korleis me skulle takla nissen, vart ei sak for seg.

Me har hatt uvanlege juler før òg.

Me som er gamle nok, minnest juler då me i åra 1940-45 hadde ein synleg fiende: Hitler-Tyskland.

Fyrane var sløkte på kysten. Til og med på julafto hende det at me høyrde døyvde dun mot vest, anten det no var miner som sprang eller det var omen frå tungt skyts.

Du såg ikkje ljos frå eit einaste hus, for tyskarane gav oss strenge påbod om å blenda. Omkring i landet hende det meir enn ein gong at soldatar skaut mot hus om eit vindauga ikke var tetta godt nok.

Det var underlege år å halda jul i, der me sat bak blendingsgardinene og song om fred på jord.

I matvegen var det lite å velja i, tome hyller grein mot oss i butikkane, men eg hugsar ikkje anna enn at på julafto vart det «pidnasteik».

Gåvene var av det enkle slaget, teikneseriar, kladdebøker, ymse slags heimelaga figurar, kanskje ei og anna bok.

Samkjensle er eit fint ord, og i ufredstida viste den seg seg å vera sterk. Det finst tallause døme på korleis folk hjelpte kvarandre på så mangslags vis.

Mange som var vaksne den gongen, har seinare undrast på om denne kjensla framleis lever like sterkt i folket.

Me seier så mangt om dei leiande politikarane våre, men det skal dei ha, at i heile denne trasige koronaperioden har dei tenkt solidarisk.

I 1945 vart den synlege fienden jaga heim, og no ser det ut til at ikkje minst omtanke for kvarandre er med og jagar den usynlege.

Arnfinn Haga

Arnfinn Haga er fødd i februar 1936. Han er forfattar og kjent for sine mange bøker om nordmenn under andre verdskrig. I 2003 vart han tildelt Kongens fortjenstmedalje i gull for forfatterskapen sin. I 2018 fekk han Stiftelsen Espeland fangeleirs pris og Forsvarsmedaljen med Laurbærgren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.