Lokal | 26. aug. 2020

Koronatest i Kolskogen: No kan du bestilla time på nett

Kommunen si løysing skal vera klar til bruk.

Koronatest i Kolskogen: No kan du bestilla time på nett
Treng du time til koronatest? Frå i dag slepp du å sitja i telefonkø. (Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 26. aug. 2020 07:05

I august har ventetida vore lang for mange i Bjørnafjorden kommune som skulle bestilla time for smittetest for koronaviruset.

Blant årsakene er at det den siste tida har vore testa dobbelt så mange som på det meste i april. Kommunen har dessutan har redusert tilgang på helsepersonell, koronalegevakt og testsenter har gått i tillegg til vanleg drift av kommunen (mens dei i vår blant anna hadde tilgang på helsesjukeplearar som blei ledige då skulane var stengte).

Måndag sa legevaktsjef Sveinung Gangstø at ei løysing med bestilling via nett skulle vera klar om få dagar, onsdag morgon melder kommunen at løysinga er på plass og open for bruk.

Dette gjeld for testing på koronalegevakta i Røde Kors-huset i Kolskogheiane 8 i Os. Det er foreløpig ikkje eige testsenter på Fusa-sida av fjorden, slik det var i vår.

Visse atterhald er det likevel.

Du må logga deg inn med Bank-ID for å bestilla time, og du kan ikkje bruka den gamle nettlesaren Internet Explorer. I staden kan du lasta ned ein annan, for eksempel Google Chrome, Firefox eller Safari.

Samtidig blir opningstidene utvida.

Måndag til fredag er det ope frå 8.30 til 15.00. Førstkomande laurdag er det ope 9 til 17, frå og med neste helg er det ope både laurdag og søndag frå 9 til 17.

– Men det er framleis ingen drop-in, alle må bestilla time for å bli testa, seier smittevernlege Jonas Nordvik Dale til Midtsiden.

Du kan framleis bestilla time via telefon 475 08 412 (open 8.30-11.45 og 12.30-15 måndag til fredag).

Har du generelle spørsmål om korona så kan du ringa smitteverntelefon på 56 57 57 57 (open mellom klokka 15 og 16 måndag til fredag).

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.