Kultur | 17. okt. 2019

Kort og intens utstilling i Vognhallen

Bente Dankertsen (63) skulle eigentleg stilla ut i 14 dagar - så hamna ho på skulebenken att.

Kort og intens utstilling i Vognhallen
Benke Dankertsen opnar i kveld utstillinga «Fra en ende til annen» i Vognhallen. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh) 
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightorsdag 17. okt. 2019 13:11

Bildeserie:

Dankertsen tek for tida ein bachelor i samtidskunst i Tromsø. (Foto: KOG)
Dankertsen tek for tida ein bachelor i samtidskunst i Tromsø. (Foto: KOG)
Ho er òg kjend for desse kalendrane. (Foto: KOG)
Ho er òg kjend for desse kalendrane. (Foto: KOG)
Kos med kunst.  (Foto: KOG)
Kos med kunst. (Foto: KOG)
Utstillinga er prega av Italia.  (Foto: KOG)
Utstillinga er prega av Italia. (Foto: KOG)
«Fra en ende til annen».  (Foto: KOG)
«Fra en ende til annen». (Foto: KOG)
1 av 5
Dankertsen tek for tida ein bachelor i samtidskunst i Tromsø. (Foto: KOG)
Ho er òg kjend for desse kalendrane. (Foto: KOG)
Kos med kunst.  (Foto: KOG)
Utstillinga er prega av Italia.  (Foto: KOG)
«Fra en ende til annen».  (Foto: KOG)

I kveld opnar utstillinga «Fra en ende til annen» i Vognhallen.

Bak utstillinga står kunstnar Bente Dankertsen.

Dankertsen er fødd i Bergen, kor ho budde fram til ho var 11 år. Etter det vart det både ungdomsskule og gymnas i Os. I vaksen alder busette Dankertsen seg i Strandvik i Fusa.

Ho har tidlegera stilt ut i Galleri Oz. No er ho attende i Os og Vognhallen med ei utstilling ho nesten ikkje har tid til å ta del i.

Trudde ikkje eg skulle koma inn

Dankertsen fortel at då ho i fjor gjorde avtalen om å stilla ut i Vognhallen, såg ho føre seg ei utstilling på to til fire veker.

Lite visste ho at søknaden om å få studera på kunstakademiet i Tromsø skulle forandra planane.

– Eg søkte meg inn i fjor òg, utan å lukkast. Då eg var på nytt intervju i vår, var eg veldig bestemt på at inn, det skulle eg.

Overraskinga var likevel stor då det vart klart at Dankertsen, blant 100 søkjarar, fekk ein av dei åtte studieplassane i Tromsø.

– No lever eg studentlivet i Tromsø, og grunna skulegongen rekk eg rett og slett ikkje stilla ut meir enn fram til søndag denne gongen.

– Det vert rett og slett ei kort og intens utstilling på knappe tre dagar, før eg må tilbake på skulebenken att.

Ferdig utdanna om tre år har Dankertsen ein bachelor i samtidskunst.

Italiensk preg på Vognhallen

Med seg til helgas salsutstilling har Dankertsen sjølvsagt dei kjende «Bergenskalendrane» ho er kjend for.

Sidan 1993 har Dankertsen måla akvarellar av kjende Bergensmotiv, og det årlege opplaget har lege på om lag 6.000 eksemplar.

På veggane i Vognhallen vil publikum få sjå bildekunst, kor mange av motiva er fanga i Italia.

– I fire år på rad har eg delteke på eit tovekers kurs i Italia, og utstillinga ber preg av det.

– Elles er tanken bak utstillinga at publikum skal få sjå heile spekteret av det eg driv med, seier Dankertsen.

Hjortehjerne på hjorteskinn

Vel heime att i Tromsø - Dankertsen har allereie byrja å kalla Tromsø for heime - skal ho jobba vidare med eit noko spesielt prosjekt.

– Eg ser no på ulike moglegheiter å bruka råhud og skinn av hjort i kunst. Tru det eller ei, så er hjortehjerne heilt ideelt til å garva og impregnera skinn med, fortel Dankertsen.

– Etter ein god runde i mixmasteren er hjernemassen klar til å førast på skinnet, og no er eg spent på kor dette prosjektet kjem til å ta meg vidare, avsluttar den vaksne studenten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.