Kos på handballskule
Os Turn sin årlege handballskule i haustferien er framleis like populær, både blant tidlegare og nye deltakarar. I dag var det trekning av signert landslagstrøye!
Mange ungar i barneskulealder, med og utan handballerfaring, startar haustferien med tre spreke dagar i Oshallen.
– Det er fullt frå år til år, denne veka har vi hatt 86 ungar i sving, fortel trenar for damelaget, Erlend Lyssand.
Gjensidige sponsar handballskulen med trøye, bag og ball til kvar deltakar, Os Turn Handball stiller på dugnad med personell og instruktørar.
– Spelarane på damelaget gjer det meste, dei går på skift frå dag til dag med fire instruktørar i hallen og to på kjøkkenet som lagar i stand lunsj til ungane.
– Men det er også andre i klubben som stiller opp, som Torbjørg Brattabø, som fekk ein heftig jobb med å blåsa opp 90 nye ballar søndag kveld, fortel Erlend.
– Gøy med nye øvingar
Deltakarane kjem frå både Os Turn og andre klubbar. Vi fekk ein årat med ei frå Os og to frå Nore Neset.
– Dette er tredje gong eg går på handballskule, eg synes det er kjempegøy å få læra nye øvingar, seier Sofie Evensen.
Tuva Haugland og Martine Hermansen Haugland er på handballskule for første gong.
– Instruktørane er veldig flinke og greie, og så er det kjekt å møta spelarar vi ikkje kjenner frå før. Sjølv om fleire av dei er motstandarar i serien har vi det veldig kjekt saman her i hallen, synes Tuva og Martine.
Vann landslagstrøye
I dag er siste dag på handballskulen, og på tampen av dagen var det trekning av signert landslagstrøye.
Katrine Storheim Sørstrønen var heldig og blei trekt ut som vinnar.
Mange talent
Deltakarane er frå 6 til 12 år og delt i grupper så dei yngste startar først om morgonen, dei litt eldre kjem 1,5 time seinare.
– Nokre av spelarane er heilt ferske. Dei klarer seg likevel bra og ser ut som om dei har det kjekt, seier instruktør Vilde Brattabø.
Ho er ei av dei rundt 15 spelarane på damelaget som stiller opp på dugnad.
– Med dei yngste har vi litt korte økter og flettar inn ein del leik så ikkje dei blir rastlause og ukonsentrerte. Dei eldre bygger på det dei kan frå før og fleire av dei er veldig flinke. Vi ser mange talent i hallen denne veka!