Bighorn Butterboys fekk opp stemninga med banjo og steelgitar (foto: Andris Hamre)

Kos på Os

Bildeserie: Vel 300 stilte då Undercover og Os sentrum inviterte til torgfest på Øyro fredag. Det blei ein suksess.

image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Andris Hamre

Undercover med Eirik Søfteland, Olav Skorpen og Jens Erik Aasmundseth ville laga fest på Øyro. Med seg fekk dei William Lindborg i Os sentrumsforening og dei to utestadane Catten og Havnechefen. Og fest blei det.

– Eg var nøgd då vi tidlegare i dag hadde seld 100 billetter, no har vi passert 300, fortalde William Lindborg rett etter klokka 21. Fortsatt strøyma folk på til festen som held fram til klokka 23.

Perler på ei snor

Først ut på scenen var Simen Moesgård. Ungguten leverte rytmisk pop på både norsk og engelsk før Jens Erik Aasmundseth gjekk solo i Grace & Menace. Berre med kassagitaren leverte han kveldens roligste parti i solnedgangen på Øyro.

HM Johnsen tok over og leverte den eine gitarsoloen etter den andre. Han viste igjen at han er ein musikar å rekne med.

Kveldens høgdepunkt for mange var, for like mange, ukjende Bighorn Butterboys. Hadde det ikkje vore god stemning før, så blei det i allefall det, når guta i bluegrassbandet spelte opp med banjo og gitar.

Grunnlaget er lagt

Sist ut var arrangørane sjølv. Undercover leverte den eine coverlåta etter den andre, med gjestegitarist Tord Søfteland på nokre av numra.

– Dette er knallbra. Dette kan dei gjera igjen, var orda som gjekk att rundt borda kor folk koste seg med leskande drikke i kveldssola.

Og gjera det igjen kan dei så absolutt. Torget fungerte strålande som konsertarena. Ein skal berre sjå at brosteinballet gjenoppstår. Det er lov å håpa.

Fleire saker