Kultur | 28. mai 2010

Koste seg på Lysøen

Hennar Majestet Dronninga fekk ei fin mottaking på Buena kai, og ei god konsertoppleving på Museet Lysøen.

Koste seg på Lysøen
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 28. mai 2010 05:23

Bildeserie:

1 av 22

Torsdag ettermiddag kom H.M. Dronning Sonja til Buena kai for vidare båttur til Museet Lysøen. Men før ho gjekk om bord i båten helste ho på fleire av osingane som hadde møtt fram for å sjå det kongelege besøket.

SJÅ VIDEO FRÅ LYSØEN NEDST I ARTIKKELEN

Nokre jenter som sto og åt sukkerspinn fekk spørsmål om kva dei åt på. Vidare gjekk turen mot bryggekanten, der ho fekk blomar av Andrine Brunvatne Kvittingen frå første klasse ved Lysekloster barnetun.

På Buena kai sto også ein nasjonalbåt utstilt. Saman med inspeksjon av oselvaren fekk ho ein prat med båtbyggar Berit Osmundsen og dagleg leiar ved Economuseet Oselvarverkstaden, Åsmund Lien.

Oldebarn og tippoldebarn på plass
På Lysøen møtte vi eit av Ole Bulls tippeoldebarn. Giacomo Landi bur i New York, men er ofte i Noreg.

- Mor har budd i Bergen dei siste 20 åra. Dessutan jobbar eg for DnB NOR Shipping, eit selskap med rundt 70 tilsette i New York og ei stilling som gjer at eg får reisa til Noreg i jobbsamanheng med jamne mellomrom.

- Det er så flott på Lysøen, eg er her så ofte eg kan, seier mora, Olea Smith-Kaland.

Olea, barnebarnet til Ole Bull, er nest yngst i ein søskenflokk på fire. Rett utanfor hovudinngangen til villaen står ein skulpttur av mora deira, Sylvea Bull Curtis.

Fem på jobb
For museumsdirektør Berit Høgheim var det nok ei stor glede å presentere Lysøen og Ole Bulls villa denne dagen.

- For å seia det sånn, det såg ikkje akkurat så fint ut for ein månad sidan, seier Høgheim.

I for fekk villaen nytt tak, i år har det vore mykje gravearbeid i høve ny drenering rundt villaen. Men no var alt grønt og fint og klart for både den første av fleire Festspill-konsertar, og besøk av dronninga.

Fem tilsette, dei fleste i bunad, sto klar i god tid før gjestane kom.

Så kom Sonja
H.M. Dronninga blei møtt av Berit Høgheim og leiar for Lysøenutvalget, Einar Skarbø, på kaien på Lysøen.

Etter å ha vandra saman med ordførarane i Bergen og Os opp til villaen helste ho på blant anna Kåre Valebrokk Anniken Thue frå Kunstmuseene i Bergen, og Pål W. Lorentzen og Per Boye Hansen frå Festspillene i Bergen.

I villaen var det konsert med Vilde Frang Bjærke og Christian Ihle Hadland. Dette var den første av fleire Festspill-konsertar på Lysøen i år, 200 år etter Ole Bull blei fødd. Resten av programmet kan du sjå på lysoen.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.