Politi | 11. okt. 2022

Køyrde borti ein garasje

Uhell på Søfteland, flaks på Os og påkøyrd hjort i Lysefjorden.

Køyrde borti ein garasje
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 11. okt. 2022 06:55

Klokka 17.12 måndag ettermiddag fekk politiet melding om eit trafikkuhell på Søfteland.

– Det viste seg at ein trailer hadde køyrd borti ein garasje. Ingen personar blei skadd, og det blei inga politisak, men patruljen på staden hjelpte til med utfylling av skademelding, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.

I 16.30-tida på ettermiddagen fekk politiet melding om funn av mobiltelefon på ein buss i Os. Vedkomande ville levera telefonen til politiet i dag, tysdag.

På morgonen i går, klokka 07.38, fekk politiet melding om påkøyrd hjort på Lyseklostervegen.

– Hjorten sprang frå staden. Meldar er uskadd, men har fått ein bulk i bilen. Viltkontakt er varsla for oppfølging, i tilfelle dyret er skadd.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.