Politi | 23. apr. 2022

Køyrde for lang lastebil i Rødsliane

Politiet stoppa også ei jente som køyrde feil retning gjennom rundkøyring.

Lengdebegrensinga i Rødsliane er 12 meter, bilen politiet stoppa i Lønningdal er 17 meter lang. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 23. apr. 2022 08:03

Fredag, rett før midnatt, observerte politiet ein lastebil som var for lang for lengdebegrensinga i Rødsliane på fv 579 Hegglandsdalsvegen.

Bilen blei stoppa etter Lønningdal, der vegen skiftar namn til Bogstrandvegen.

– På staden er det skilta begrensing på 12 meter lengde, bilen vi stoppa er 17 meter lang, opplyser vakthavande ved Bjørnafjorden politistasjon.

Bilførar er i 40-åra, frå ein annan kommune. Vedkomande blir meldt.

Køyrde feil i rundkøyring

Klokka 02.30 i natt stoppa politiet ein MC-førar som køyrde motsett veg gjennom rundkøyringa mellom Byvegen og Industrivegen.

MC-førar, ei jente på under 18 år, har gyldig førarkort.

Ho fekk forenkla forelegg på 6.000 kroner. Foresatte blei kontakta, og vil ta stilling til forelegget.

Laus hest og open dør

I 20-tida fredag kom det fleire meldingar om ein laus hest nær E39 på Moberg.

Politiet, som har stasjon i same terreng, rykte ut. Då hadde eigar allereie henta inn hesten.

I 01.40-tida natt til kaurdag fekk politiet melding om ei open dør på AMFI Os.

Døra sto delvis open, og såg ved første augekast ut til å ha vore broten opp.

Etterkvart kom det ein representant for ein butikk, som kunne fortelja at døra ikkje var broten opp.

MC med skilt vippa opp

I går stoppa politiet to MC-ar med feil vinkel på skiltet, der skiltet var skrudd fast oppunder skjermen.

Det kan føra til gebyr på 3.000 kroner.

Politiet vil i dag minna MC-førarar på korleis skilt skal monterast:

  • Ifølge kjøretøyforskriften §39-2 nr 2.2 skal skiltet være plassert vinkelrett på kjøretøyets lengdeakse, slik at tall og bokstaver er lett leselige.
  • Det er mulig å montere skilt med avvik på 30 grader oppover og 15 grader nedover fra vertikalplanet.
  • Videre fremgår det av nr. 3.1 at kjennemerket skal være godt synlig og ikke dekket av uvedkommende gjenstander.
  • Når skiltet er skrudd fast opp under skjermen på MC ene, så er det ikke lett leselige og de tilfredsstiller derfor ikke kravene etter kjøretøyforskriften.
  • Det lureste er å benytte seg av de originalfestene som medfølger kjøretøyet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod i november

Tilgang til alt innhald i 3 månadar for kun kr 300,-

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Kun kr 300,- i 3 månadar
  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.