Lokal | 12. mars 2021

Køyrde i 46 km/t - fekk 5.850 i bot

UP stoppa to fartssyndarar i går. I tillegg blei ein ungdom tatt for butikktjuveri.

Køyrde i 46 km/t - fekk 5.850 i bot
UP hadde kontroll i ei 30-sone i går. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 12. mars 2021 08:58

Torsdag i 09-tida hadde utrykningspolitiet fartskontroll på Hegglandsdalsvegen.

Dei sjekka farten på trafikantane forbi krysset ved skulen og barnehagen, og der er fartsgrensa 30 km/t.

– Det blei skrive ut to forenkla forelegg. Høgaste fart blei målt til 46 km/t, fortel politioverbetjent Martin Nordeide.

Med 16 km/t over fartsgrensa blei det tre prikkar på førarkortet og 5.850 kroner å betala.

Ungdom tatt for butikktjuveri

I 15-tida i går rykte politiet ut på melding om tjuveri frå ein daglegvarebutikk nord for Os sentrum.

Politiet møtte mistenkte, som er under 18 år.

– Foreldre er varsla og vi har oppretta sak.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.