Køyrde i autovernet - mista lappen i 8 månadar
Gjentatte tilfelle av sladding førte til førarkortbeslag.
Ein mann i starten på 20-åra frå Os måtte i førre veke møta i retten sikta for å køyra bil på ein lite omsynsfull måte.
Ein søndagskveld i mai, i ein annan kommune i Hordaland, køyrde han «på en slik måte at han gjentatte ganger fikk sleng/sladd på bilen».
Den eine gongen snurra bilen rundt og hamna utanfor vegen, ein annan gong var han borti autovernet. Då blei både bilen og autovernet skadd.
Skjerpa straff grunnar prikkar på førarkortet
Sikta møtte i retten og tilsto.
Køyringa han blei dømt for kvalifiserer til tap av førarretten i 3 månadar, men sikta hadde 6 aktive prikkar på førarkortet frå før, og fekk derfor forlenga tapstida med 5 månadar.
Mannen blei dømt til tap av førarretten i 8 månadar og må i tillegg betala ei bot på 8000 kroner.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.