Lokal | 13. feb. 2020

Køyrde i hasjrus - ber om høgare bot

Årsak: Han vil ikkje ta lappen på nytt.

Køyrde i hasjrus - ber om høgare bot
Bergen tinghus. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 13. feb. 2020 08:07

Ein utanlandsk mann frå Os blei natt til ein torsdag i april i fjor stoppa avpolitiet på Fjøsangerveien.

Han var mistenkt for køyring i rus, og prøvetaking viste at han hadde THC (verkestoffet i cannabis) tilsvarande over 0,5 promille.

Sikta, som er i 50-åra, møtte i retten og tilsto. Han samtykka òg til avgjerd ved tilståelsesdom.

Denne påverkingsgraden ville normalt kvalifisert til fengsel på vilkår, men domfelte blei dømt for ruspåverka køyring også i 2016. Gjentaking skal skal føra til fengsel utan vilkår saman med bot.

Mannen blei dømt til 21 dagar fengsel, 10.000 kroner i bot og til tap av førarretten på 18 månadar.

Ved tap av førarretten på 6 månadar eller meir, må du ta førarprøven på nytt.

Domfelte eklærte at han anka dommen. Han meinte det var nok med ei bot, og ville gjerne betala 20.000 kroner om han slepp å ta førarkortet på nytt. Mannen forklarte at han kom til Noreg for å jobba, og at han derfor treng førarretten.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.