Lokal | 14. feb. 2012

Køyrde i skuret

Politirapporten: Bil i busskur i Hagavik, Tiggarar og "stumme" dørseljarar i sentrum.

Køyrde i skuret
Busskuret blei totalt smadra (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretysdag 14. feb. 2012 10:42

Politiet fekk i måndag kveld melding om eit trafikkuhell i Hagavik.

- Ein bil skal ha køyrd inn i eit busskur og øydelagt det.

- Meldar fortalte at taket på skuret låg i hagen hans, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik ved Os lensmannskontor.

Bilen har truleg kome frå Strøno då føraren har mista kontrollen og køyrd i skuret.

Både vegtrafikksentralen og Os kommune blei varsla for å rydde opp på staden.

Ny runde med tiggarar

Frå omlag klokka 16 og utover kvelden måndag fekk politiet fleire meldingar om stumme dørseljarar og tiggarar på dørene i sentrumsområdet.

- Det er hovdusakeleg menn av østeuropeisk opphav.

- Vi sjekka ut ein person i går kveld, fortel Sperrevik.

Tysdag, omlag klokka 10, fekk lensmannskontoret melding om to personar som rulla rundt på bakken ved Sveio tilsynelatande ute av stand til å ta vae på seg sjølv.

- Patrulja er på veg for å sjå til dei no, avsluttar Sperrevik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.