Lokal | 10. jan. 2020

Køyrde motsett veg - fekk 5.500 kroner i bot

Politiet såg på då mannen kom køyrande «på gamal vane».

Køyrde motsett veg - fekk 5.500 kroner i bot
Denne gata har vore einvegskøyrd sidan 15. august. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 10. jan. 2020 08:41

Øyro, som har vore einvegskøyrd frå Nordisk Rom til Bakketeig sidan torsdag 15. august, har lite biltrafikk på kveldstid.

Bilisten, som i 21-tida køyrde feil retning i den einvegskøyrde gata, blei likevel oppdaga.

Politiet patruljerer ofte gjennom Os terminal på kveldane. Om det var her dei kom frå er uvisst, men bilisten blei uansett observert.

– Mannen, som er i slutten av 20-åra, sa han køyrde «på gamal vane», fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Denne gong var det ikkje berre ei åtvaring politiet stilte opp med, bilførar fekk eit forelegg på 5.500 kroner, som han vedtok.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.