Lokal | 21. okt. 2019

Køyrde over hjort utan å melda ifrå

Natt til søndag blei ein død hjort funnen i eit kryss i Lysefjorden.

Køyrde over hjort utan å melda ifrå
Politiet fekk melding om påkøyrd hjort. Hjorten var død, men kven som har køyrd på den er uvisst. (Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 21. okt. 2019 09:10

Søndag klokka 05.30 fekk politiet melding om funn av død hjort i vegbanen.

Viltkontakt Espen Krüger Andersen rykte ut, først til Ole Bulls veg, som han fekk beskjed om, men hjorten låg ein annan stad.

– Det viste seg at den låg i krysset mellom Lyseklostervegen og vegen inn til ridesenteret, ved pøylo.

Hjorten var død, skrotten var prega av store skadar i både hovud og bog.

– Eg vil tru at den er overkøyrd, og at det kan ha vore ein stor bil som køyrde på den.

Vedkomande som køyrde på dyret har altså ikkje meldt ifrå, slik du som bilførar er pliktig til.

Bil knust - hjort stakk vidare

Også måndag morgon for ei veke sidan var det påkøyrsle av hjort.

Denne gong på Ulvensletta på Ulvenvegen, og denne gong var det bilen som blei ståande igjen og hjorten som «stakk frå staden».

– Grillen var trykt inn og panseret godt bulka, bileigar våga ikkje å køyra vidare.

Hjorten sprang vidare og ettersøk blei gjennomført utan resultat og utan blod i sporet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.