Politi | 25. juni 2023

Køyrde på bakhjulet mens politiet såg på

Ung MC-førar fekk svi.

Køyrde på bakhjulet mens politiet såg på
Ulvenvegen. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 25. juni 2023 06:07

Rundt klokka 01.30 natt til søndag kom politiet over ein motorsyklist som køyrde på bakhjulet.

– Det er oppretta sak og det blei tatt beslag i førarkortet hans, opplyser politioverbetjent Atle Birkeland.

MC-førar er under 20 år.

Litt over klokka 04 natt til søndag fekk ein bilførar sprekk i bilruta si.

– Årsaka var truleg at nokon kasta stein. Ein patrulje kom til staden og fekk kontrollert aktuelle personar. Det er mogleg at saka blir meldt.

På morgonen laurdag stoppa politiet ein bil med knust bakrute og bagasjerom fullasta av ulike gjenstandar.

– Førar bur i nærleiken av der han blei stoppa, og fekk lov å køyra heim. Men han fekk pålegg om å sørgja for at bilen er i forsvarleg stand før han bruker den igjen.

Laurdag i 19-20-tida hadde utrykningspolitiet kontroll i 70-sona på E39.

– Det blei eitt gebyr for manglande medbragt førarkot og seks forenkla forelegg for høg fart.

Høgaste fart blei målt til 85 km/t, noko som fører til eit forelegg på 4.800 kroner, men ingen prikkar på førarkortet.

39 trafikantar blei kontrollert for promille, alle var edru.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.