Lokal | 10. mars 2021

Køyrde radioaktivt materiale utan merking

Førar og avsendar meldt.

Køyrde radioaktivt materiale utan merking
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 10. mars 2021 08:05

Klokka 03.40 natt til onsdag blei ein bilist stoppa på E39 Byvegen på Søfteland.

– Bilførar, som òg er bileigar, har ikkje gyldig førarkort, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Vedkomande, ein mann i midten på 20-åra, er frå Os. Det er ikkje mistanke om promille, men det er oppretta sak.

Radioaktiv transportør meldt

– Ein adr-transport (farleg gods) som frakta radioaktivt materiale hadde ikkje merka køyretøyet med påbode faresedalar, fortel vegvesenet i sin rapport.

Sjølve kolliet var heller ikkje merkt verken med UN-nummer eller faresedlar. Både transportør og avsendar er meldt, og det blei bruksforbod til merking var i orden.

Fekk 8000 kroner i gebyr

Totalt 30 bilar var innom kontrollen, vegvesenet såg nærmare på 25 av dei.

Det resulterte i to bruksforbod for sikthindrande gjenstandar på frontruta, eitt bruksforbod for manglande sikring av gods, to tekniske mangellappar og éi åtvaring for brot på køyre- og kviletid.

– Det aktuelle firmaet vart òg rapportert inn til foretakskontrollen.

I tillegg blei det skrive to gebyr for dekk med mønster under lovleg minimum (5 mm) og eitt gebyr for køyring utan gyldig bombrikkeavtale for tungbil.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.