Politi | 02. juni 2025
Køyrde sakte – politiet rykte ut
Ein bil som køyrde i 60 kilometer i timen i 100-sona i Lyshorntunellen, førte til at politiet blei varsla sundag ettermiddag.


Marie Ingeborg Krokamåndag 02. juni 2025 09:36
Klokka 14.32 sundag 1. juni, fekk politiet melding om ein bil som vingla på vegen og køyrde 60 kilometer i timen i 100-sona.
Bilen køyrde nordover, i retning Bergen, i Lyshorntunellen.
– Patrulje blei sett på oppdraget, seier politioverbetjent Magnus Fjeld i ein e-post til pressa.
Patruljen la merke til at bilføraren køyrde sakte.
Dei fann ikkje noko anna å setta fingeren på.
– Elles framsto alt ok, seier Fjeld.





