Lokal | 14. feb. 2017

– Køyrde utfor med vilje

Ein bil hamna på taket i Langedalen tysdag kveld.

– Køyrde utfor med vilje
Ein Audi hamna på taket i Langedalen i kveld. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 14. feb. 2017 21:17

Bildeserie:

(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
(Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 2

Tysdag klokka 19.56 kom det melding om bilulykke i Langedalen.

Ein bil med to personar hamna utfor vegen, rulla rundt og hamna på taket.

– Ingen av dei to blei skadd, fortel politiet på staden.

Både brannvesen og ambulanse rykte ut til staden. Vegen var stengt mens redningsarbeid og bilberging heldt på.

– Bilen var på veg ned mot Søfteland då det kom ein bil imot. Det er svært glatt på staden, og då førar merka at han ikkje klarte å stoppa valte han å køyra utfor i staden for å frontkollidera, seier politiet.

Varabrannsjef Arne Monsen seier teknisk eining i Os kommune er varsla om forholda og er på veg for å strø.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.