Lokal | 13. aug. 2019

Køyrde vidare etter kjedekollisjon

Ein semitrailer og to personbilar var involvert - ingen blei skadd.

Køyrde vidare etter kjedekollisjon
Politiet rykte ut til eit trafikkuhell ved Søfteland barneskule i går. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 13. aug. 2019 07:29

Måndag klokka 15.40 fekk politiet melding om bilulykke ved Søfteland barneskule.

Ein av bilane køyrde rett vidare etter samanstøyten.

– Ein personbil køyrde i ein semitrailer bakfrå, og fekk ein annan personbil i hekken. Så køyrde semitraileren vidare, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Lastebilen, som hadde utanlandske skilt og sjåfør, blei stoppa av ein patrulje frå Bergen. Sjåføren sa han ikkje hadde merka at nokon køyrde i han.

– Ingen blei skadd, men vi har registrert personalia og bilnummer på alle involverte i tilfelle det blir oppdaga skadar seinare. Førarane i personbilane skal ha vurdert å gå til legevakt for undersøking.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.