Køyrer livemusikk begge helgene før jul

– Det skal bli godt å få liv i andre etasje igjen.

I kveld kjem det musikarar på scenen på Elvehuset igjen. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 12. des. 2020 12:58

I kveld speler Mighty Magnolias på Elvehuset (tidlegare Baronessen).

Huset utvida med restaurant på gateplan i august i år, i puben i andre etasje har det vore rimeleg stille denne hausten.

Richard Myhre Gåssand i juli, Haavard Skaatun i august og to kveldar med Texmanians i slutten av oktober er det einaste vi har hatt av livemusikk siste halvår. Smittevernreglar gjorde at vi måtte avlysa ein god del, seier Jostein Eck.

Også våren blei mager. I april sendte Midtsiden og Baronessen ein LIVE mini-festival.

Men no er det opna for 50 gjestar.

– Vi kjem nok ikkje til å tena noko særleg med pengar på å gjennomføra livekonsertar no, men vi vil ha liv i huset igjen. Vi vil gi lokale musikarar ein scene å stå på og vi vil gi noko til eit svoltefôra publikum.

Mighty Magnolias, her på scenen under Osfest 2017, speler på Elvehuset i kveld. (Foto: KVB)

Mighty Magnolias har brukt året i studio og ga i slutten av oktober ut sitt tredje album, «Magnolianesque», som allerede har hausta lovord.

Fredag ettermiddag var over 30 av 50 billettar selte.

Fredag om ei veke står Frode Holmefjord på scenen, laurdagen er det Erik Rolland sin tur.

Erik Rolland. (Foto: KVB)

– Vi prøver å skapa litt stemning før jul, og gler oss til å få liv i andre etasje igjen.

Då kommunen i starten på desember forlenga dei lokale smittevernreglane, blei det justert og forlenga reglar for skjenking og opningstider.

Utestadar kan skjenka til 22.30 og halda ope til 23.00.

Frode Holmefjord.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.