Lokal | 21. des. 2020

Køyrer ut 200-300 gåver

– Nokre er overraska, alle er glade.

Køyrer ut 200-300 gåver
Rune Mo og Marius Mikkelsen klar for utkøyring etter hektisk handlerunde. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 21. des. 2020 12:10

For ei veke sidan, dagen før frist, var det kome inn berre 14 søknadar på å motta julegåve frå AMFI Os og Os Fotball sitt spleiselag. Samtidig kom kommunen med 300 gåvekort med samla verdi på 150.000 kroner.

– Så skaut det i vêret og vi fekk inn 105 søknadar. Fleire av dei var til små og store familiar, så det er i alt nærmare 300 gåver som skal ut, seier senterleiar Siri Ann Myhren Dalseide.

Hektisk handel

Frå torsdag har det vore juleverkstad på senteret, med innkjøp for pengane som er samla inn, sortering, pakking og utkøyring.

– Vi har nok aldri vore med på liknande julehandel, seier Rune Mo og Marius Mikkelsen.

– Men vi har fått veldig god hjelp i butikkane, både til å finna det som har stått på dei ulike ønskjelistene, og med gode rabattar. Vi har fått mykje for pengane.

Køyrer til langt på kveld

Mens midtstoppar Rune og kaptein Mikkelsen har vore travel med handel og pakking, har fotballkollegaene Zsolt Korcsmár, Marita Arentzen og Endre Brenne kome godt i gang med utkøyring.

– Vi hadde litt utkøyring fredag og så har Zsolt vore ute med fleire gåver i helga. I dag er vi tre bilar på hjul, fortel Brenne.

Zsolt, Marita og Endre er allereie godt i gang med utkøyringa av alle gåvene. (Foto: KVB)
Zsolt, Marita og Endre er allereie godt i gang med utkøyringa av alle gåvene. (Foto: KVB)

Nokre av gåvemottakarane har søkt sjølv, andre blir overraska, fordi andre har bedt om hjelp til å gi gåve, eller sendt søknad på vegne av andre.

– Det har vore ei veldig fin oppleving å levera. Folk er veldig takksame, og mange gir gode tilbakemeldingar på tiltaket, seier Marita og Zsolt.

Brenne opplever òg at nokre har vore mykje åleine den siste tida, og viser at dei set pris på å få besøk.

– Sjølv om vi har mange gåver som skal ut, så prøver vi å ta oss litt tid når vi møter nokon som vil prata litt før vi går. Vi køyrer gjennom dagen i dag, og sikkert litt utover kvelden, så skal vi vera i mål.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.