Samferdsle | 11. des. 2021

Straumsituasjonen: – Kraftfulle støttetiltak

Tar halvparten av alt over 70 øre.

Straumsituasjonen: – Kraftfulle støttetiltak
Hovudinntaket til Os, i Borgavegen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 11. des. 2021 12:15

Regjeringa hadde i dag pressekonferanse om straumsituasjonen i Noreg.

– Ein ekstraordinær situasjon som denne treng ekstraordinære tiltak. Eg er glad for at vi i dag kan presentera gode og målretta tiltak for å hjelpa vanlege folk gjennom denne straumkrisa.

– Dette er eit kraftfullt svar på det vi veit mange opplever som ein akutt og vanskeleg situasjon, sa statsminister Jonas Gahr Støre.

  • Staten tar halvparten av den delen av rekninga som overstig ein spotpris på 70 ære per kilowatt time.
  • Støtteordninga vil gjelda frå og med desember til og med mars, altså rekningane som kjem frå januar til april.
  • Det er sett eit tak, ordninga gjeld eit forbruk på opptil 5000 kW per månad.

– Dette er ein ekstraordinær situasjon, særleg i Sør-Noreg, men også Nord-Noreg. Vi er vant med at vêret påverkar prisen, men no er det også ein spesiell situasjon på kontinentet, sa olje- og energiminister Marte Mjøs Persen.

Så kom ho med to eksempel:

– Eit vanleg forbruk per år er 27.000 kWt. Om snitt spotpris er 120 øre, vil Staten dekka halvparten av dei 50 ørene som er over 70 øre, altså 25 øre. Med meirverdiavgift blir dette 31,25 øre.

Totalt vil det denne månaden gi ein rabatt på drygt 1.000 kroner.

– Snittprisen per kWt frå 2010 til 2020 var33 øre. Snittprisen til no i desember 2021 er 164 øre.

For eit husvære som bruker 11.000 kWt i året vil det, med ein pris på 120 øre, bli ein månadsrabatt på rett over 400 kroner.

Regjeringa reknar med at ordninga vil kosta Staten 9-10 milliardar i løpet av desse fire vintermånadane.

Målet er å hjelpa flest mogleg, at det ikkje skal bli behov for nye ordningar om prisbildet endrar seg yttarlegare, og at det framleis skal løna seg å spara på straumforbruket.

Regjeringa vil også jobba med korleis vi skal gjera det i åra som kjem, og vil setja ned energikommisjon på nyåret som skal jobba med dette framover.

Oversikt over de viktigste tiltakene i regjeringens strømpakke:

  • Direktestøtte til strømkundene over nettleien: Anslagsvis 5 milliarder kroner (inkludert merverdiavgift).
  • Redusert el-avgift: 2,9 milliarder kroner.
  • Bostøtte: 1500 kroner i måneden per husstand i desember til mars. Husstander som består av flere personer får 150 kroner i tillegg per person ut over den første.
  • Støtte til studenter: Økt støtte til studenter på 3000 kroner, hvorav 1200 kroner som stipend. 190 millioner kroner.
  • ENØK-tiltak gjennom Enova: 100 millioner kroner.
  • Kompensere kommunene for merutgifter til økonomisk sosialhjelp 100 mill. kroner.

I tillegg har regjeringen tatt initiativ til en dialog med nettselskapene for å legge til rette for at flere kan få mulighet til betalingsutsettelser.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.